Klaus Sulzenbacher

Klaus Sulzenbacher (fødd 3. februar 1965) er ein austerriksk, tidlegare kombinertløpar frå Kitzbühel. Han vann sølvmedaljen i komnbinertøvinga både i vinter-OL 1988 og ski-VM 1991, samt bronsemedaljen i vinter-OL 1992. Dessutan vann han for Austerrike tre medaljar i lagtevlingar; VM-gull i 1991 og to OL-bronsar (1988 og 1992). Sulzenbacher vann kampen om FIS sin kombinertpokal i 1988 og 1990, og vart nummer to både i 1989, 1991 og 1992. Mellom desember 1987 og mars 1992 vann han 14 renn i verdscupen.

Klaus Sulzenbacher
Fødd 3. februar 1965 (55 år)
Kitbuhel
Yrke kombinertløpar

AktivEndra

Sulzenbacher var den fyrste kombinertløparen frå Austerrike som hevda seg i verdstoppen. Under vinter-OL 1984 kom han på niandeplass, medan han i slutten av mars same året steig på pallen fyrste gongen i eit verdscuprenn då han vart nummer tre i Strbske Pleso, bakom olympiameisteren Tom Sandberg frå Noreg og Uwe Dotzauer frå Aust-Tyskland. I verdsmeisterskapen på ski i Seefeld i 1985 vart han nummer 18, to år seinare kom han på femteplass i ski-VM 1987 i Oberstdorf.

Midt i desember 1987 tok Sulzenbacher i Bad Goisern sin fyrste verdscup-triumf, med nordmenn på dei tre neste plassane. Seinare i OL-sesongen gjekk han til topps i tre verdscuprenn. I vinter-OL i Calgary fekk han sølvmedaljen, sveitsaren Hippolyt Kempf vart olympisk meister. Dagen etter den individuelle tevlinga sikra Sulzenbacher bronse for Austerrike i lagtevlinga. Sulzenbacher vann kampen om kombinertpokalen i 1988, og gjentok bragda i 1990-sesongen. Han vann då fire renn på rad, og tok sin femte siger før sesongen var over.

Sulzenbacher vart nummer to i kampen om FIS-pokalen både i 1989, 1991 og 1992. Han kom heilt nede på 15. plass i ski-VM 1989 i Lahti, men opplevde sin største meisterskap to år etter. I Val di Fiemme tok han fyrst sølvmedaljen i den individuelle øvinga, berre slått av norske Fred Børre Lundberg. Seinare i verdsmeisterskapen gjekk Sulzenbacher Austerrike inn til VM-tittel i lagtevlinga, Günther Csar og Klaus Ofner var dei andre gullvinnarane. Under vinterleikane i Albertville i 1992 fekk Sulzenbacher bronsemedalje både individuelt og i lag. Han la opp som aktiv ved sesongslutt.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

BakgrunnsstoffEndra