Klemetsrud kyrkje
kyrkje i Oslo
Klemetsrud kyrkje er ei langkyrkje frå 1933 sør i Oslo kommune. Kyrkja er bygd i tre og har 130 sitteplassar. Ho er teikna av Herman Major Backer og fullført ved Einar Engelstad i 1932–33 etter Backers sin død.[1][2]
Klemetsrud kyrkje | |||
Klemetsrud kirke | |||
Klemetsrud kyrkje
Foto: Hans A. Rosbach | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Søndre Aker | ||
Sokn | Klemetsrud og Mortensrud | ||
Fellesråd | Oslo | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Herman Backer og Einar Engelstad | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 3. september 1933 | ||
• Endringar | 1982, rest. 2008–09 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Anthon Røvik | ||
Døypefont | Tre, 1933 | ||
Altartavle | Olaf Willums | ||
Orgel | J.H. Jørgensen, 1933 | ||
Sitjeplassar | 130 | ||
Klemetsrud kyrkje 59°49′50″N 10°50′57″E / 59.83061111°N 10.84908333°E | |||
Wikimedia Commons: Klemetsrud kirke |
Kyrkja vart utvida med eit tilbygg (kapell, bårehus og sal for kyrkjelyden) i 1982, og restaurert i 2008–09. Kyrkjeklokkene er støypte på Olsen Nauen Klokkestøperi i Tønsberg.
Kyrkjegarden er stor, og vert òg nytta av andre kyrkjelyder i nabolaget.
Referansar
endre- ↑ Geir Tandberg Steigan. «Herman Major Backer (1856-1932)». Arc! / Artemisia. Henta 11. september 2017.
- ↑ Geir Tandberg Steigan. «Einar Engelstad (1876-1958)». Arc! / Artemisia. Henta 11. september 2017.
Litteratur
endre- Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Are Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 59-60. ISBN 978-82-573-1946-5.
- Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 306. ISBN 978-82-573-1760-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Klemetsrud kyrkjelyd Arkivert 2013-10-18 ved Wayback Machine.
- Kyrkjesøk – Klemetsrud kirke
- Klemetsrud kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren