Opna hovudmenyen

Søndre Aker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner bydelane Nordstrand, Søndre Nordstrand og Østensjø søraust i Oslo. Prosten har sete på Bøler.

HistorieEndra

Prostiet vart oppretta i 1984, som Nordstrand prosti, og bestod av prestegjelda Nordstrand, Holmlia, Manglerud, Bøler, Bekkelaget og Lambertseter.[1] Namnet vart endra til Søndre Aker prosti i 1986.

Det er vedteke at Bekkelaget sokn skal slåast saman med Ormøy sokn frå 1. januar 2016. Dei to sokna ha allereie felles stab.[2] Det nye soknet får namnet Bekkelaget og Ormøy.

Likeeins vert Klemetsurd og Mortensrud slått saman til Klemetsrud og Mortensrud sokn.[3] Dette soknet femnar òg om Bjørndal, der ei interimkyrkje vart vigsla i mars 2015.[4]

SoknEndra

Prostia er inndelte i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Oslo kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje Kyrkjeleg fellesråd
Bekkelaget sokn Bekkelaget kyrkje Oslo
Bøler sokn Bøler kyrkje Oslo
Hauketo-Prinsdal sokn Hauketo-Prinsdal kyrkje Oslo
Holmlia sokn Holmlia kyrkje Oslo
Klemetsrud sokn Klemetsrud kyrkje Oslo
Lambertseter sokn Lambertseter kyrkje Oslo
Ljan sokn Ljan kyrkje Oslo
Manglerud sokn Manglerud kyrkje Oslo
Mortensrud sokn Mortensrud kyrkje Oslo
Nordstrand sokn Nordstrand kyrkje Oslo
Oppsal sokn Oppsal kyrkje Oslo
Ormøy sokn Ormøy kyrkje Oslo

PrestegjeldEndra

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra