Opna hovudmenyen

Herman Major Backer (30. oktober 185621. mai 1932), fødd og død i Christiania var ein norsk arkitekt. Han var far til arkitekt Lars Backer og statistikar Julie Backer.[1]

Herman Backer
Herman Major Backer (NaN).jpg
Fødd 30. oktober 1856
Oslo
Død

21. mai 1932
Oslo

Yrke arkitekt
Herman Backer på Commons
Villa Fridheim er ein diger sveitservilla ved innsjøen Krøderen. Bygninga er i sveitserstil med innslag av nasjonalromatikk og drakestil. Huset vert bygd i 1890-1892 og inneheld i dag Eventyrmuseet Villa Fridheim, som i hovudsak er knytt til Asbjørnsen og Moes virke som eventyrsamlarar. Bygninga er freda.
Foto: John Erling Blad
Forretningspalasset Backergården i Kongens gate 31 i Oslo vart reist i 1895 etter teikningar av Herman Backer for forretningsmannen Johan Paul Jørgen Alexander Backer.
Foto: Mahlum
Statsråd Astrups villa eller Vitenskapsakademiets hus i Drammensveien 78 i Oslo.
Foto: Hans A. Rosbach

Backer er kjend for sine mange luksuriøse villaer, storslåtte, offentlege bygg, forretningsbygg i tillegg til hotell og kyrkjer. Backer var særs produktiv og ein av dei leiande arkitektane i Noreg i tiåra rundt 1900.[1]

Arbeid i utvalEndra

Villaer

Eit av dei første store oppdraga Backer fekk var å teikne villaen til trelasthandlar og statsråd Hans Rasmus Astrup. Astrup villa er og kalla Vitenskapsakademiets hus og ligg i Drammensveien 78 i Oslo. Det blei reist i 1887 som privat heim for Astrup og familien hans. Det er eit bygg i mur i to etasjar i nyrenessanse. Golvflata er på 857m². I 1911 blei Astrups villa tatt over av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Omtrent på same tid stod han for sveitservillaen Villa Fridheim ved innsjøen Krøderen for trelasthandlar Svend Haug frå Drammen. Huset skulle vere landstaden for trelasthandlaren og hans familie. Seinare vart det hotell på plassen og sia 1986 held Eventyrmuseet Villa Fridheim til her.

Ein annan villa han teikna var Skaugum. Det var eit oppdrag for Fritz Wedel Jarlsberg og bygningen vart ført opp i 1891 i ei stil som likna noko på Villa Fridheim.[2] Skaugum vart gitt til kronprinsparet Olav og Märtha som flytta inn i 1929.[3] Skaugum brann ned 20. mai året etter.[3]

Lokale for handel o.a.

Olympen restaurant i Grønlandsleiret 15 i Oslo er frå 1882. Bygninga blei teikna på oppdrag frå Schous bryggeri og blei reist i nyrenessanse av tegl med ornamentikk i puss. Bygninga blei bygd om av sonen Lars Backer i 1927. Det har vore kontinuerleg restaurantdrift i bygningen sia ho vert opna i 1892.[4]

På midten av 1890-talet bygde han mellom anna Arbins gate 1 i Oslo. Dette er huset der Henrik Ibsen budde dei siste åra han levde og bygningen inneheld no Ibsenmuseet.

Backergården er i nybarokk og ligg i Kongens gate 31 i Oslo. Den vart sett opp for forretningsmannen Johan Paul Jørgen Alexander Backer og hans pelsforretning i 1895. Bygninga er reist med ein berande skjelettkonstruksjon i stål som gjer det mogleg med dei svære vindauga. Fasaden er kledd i norsk marmor frå Dunderlandsdalen i Rana kommune.

Simersgården på Grev Wedels plass 4 i Oslo vart reist på same tid i 1895 og er i nybarokk med påverknad av hollandsk nyrenessanse.[5] Den vart bygd for brennevinsprodusenten Simers & Co.[5]

Johanneskyrkja i Bergen er i nygotikk og er frå 1894. Kyrkja har eit tårn på 61 meter og er høgaste bygning i Bergen.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Herman Backer i Norsk biografisk leksikon
  2. Geir Tandberg Steigan: Herman Major Backer frå Artemisia
  3. 3,0 3,1 Skaugum frå Kongehuset.no
  4. Historie frå Olympen
  5. 5,0 5,1 Geir Tandberg Steigan: Simersgården frå Artemisia

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Herman Backer