Opna hovudmenyen

Kleppestø

bygd i Askøy kommune

Kleppestø er administrasjonssenter i Askøy kommune. Staden ligg sør på Askøy. Her finn ein buss-stasjon og hamn for hurtigbåt inn til Bergen. Kjem ein til Askøy med båt eller buss, kjem ein innom Kleppestø. Her finst mellom anna rådhus, kjøpesenteret Kleppestø Senter og fleire bensinstasjonar.

Kleppestø
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Askøy
Postnummer 5300 KLEPPESTØ

Til Askøybrua vart opna desember 1992 gjekk ferjene frå Kleppestø til Sukkerhusbryggen i Bergen sentrum. Overfartstida var 18 minutt, og operatør var Rutelaget Askøy-Bergen.

Namnet Kleppestø kjem av funksjonen som båtstø for gardane på Øvre Kleppe.

Spire Denne Hordalandartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.