Klevald skipreide

Klevald (Klævold) skipreide var ei av atten skipreider i Sogn,[1] med namn etter grenda Klevald som var tingstad.

Geografisk femna ho om Kyrkjebø sokn (før 1826 unnateke Måren og Ortnevik) og austlegaste kanten av Lavik sokn (Mjellelia, Nordrevik og Sørevik), i noverande Høyanger kommune.

Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. Måren og Ortnevik vart 1826 overførte frå Kvamsøy skipreide til Klevald skipreide som vart nemnd Klevald tinglag. 1870 vart Lavik-gardane overflytta til Lavik tinglag, slik at Klevald tinglag vart identisk med Klevald kommune og Kyrkjebø sokn. 1890 vart Kyrkjebø namn på kommunen og tinglaget òg.[2]

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre