Ortnevik
Ortnevik er den austlegaste bygda på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune, og er ein av mange inngangsportar til Stølsheimen. Namnet kjem frå orken, som tyder sel, kobbe, og er den same stammen som i namnet Orknøyane.[1]
Ortnevik | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland fylke | ||
Kommune | Høyanger kommune | ||
Postnummer | 5962 | ||
Ferdselsårer | Fylkesveg 5442, Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger | ||
Ortnevik 61°06′30″N 6°07′51″E / 61.1083°N 6.13083°E |
Bygda fekk vegutløysing i 1985 med opninga av samanhengande fylkesveg vestover langsmed Sognefjorden til Bjordal og Hest,[2] der det går vegar vidare til Matre i Masfjorden og Ytre Oppedal. Ortnevik har òg bilførande båtsamband frå Ortnevik ferjekai til Nordeide på nordsida av Sognefjorden, og Vikøyri i Indre Sogn.
Kjelder
endre- ↑ Torill Refsdal Aase (2003). Stølsheimen. Bergen: Eide forlag. s. 117. ISBN 82-514-0662-5.
- ↑ Kristin Ese (2005). «Sørsidevegen i Høyanger». Fylkesarkivet i Vestland. Henta 25. januar 2016.
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.