Klil (כְּלִיל) er ein fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg nær Nahariya mellom Yanuh-Jat og Kafr Yasif, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 351.

Klil
kibbutz
Land  Israel
Region Vest-Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 32°58′56.28″N 35°11′49.55″E / 32.9823000°N 35.1970972°E / 32.9823000; 35.1970972
Folketal 572 (2015)
Grunnlagd 1979
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Kart
Klil
32°58′56″N 35°11′50″E / 32.9823°N 35.197097222222°E / 32.9823; 35.197097222222
Wikimedia Commons: Klil

Landsbyen vart grunnlagd i 1979 av ei gruppe byfolk som hadde kjøpt landområdet frå landeigarar i nabolandsbyar. Han vart kalla opp etter den gamle bygningen som vart oppdaga i området, Horvat Klil (Klilruinane). Landsbyen er ikkje knytt til straumnettet og all elektrisitet vert generert ved hjelp av solenergi og vindenergi. Landsbyen har ein olivenlund og produserer olivenolje og eit mikrobryggjeri, Malka, i tillegg til fleire føretak som eit bakeri og to mindre restaurantar.

Kjelder endre