For den libanesiske landsbyen, sjå Yanouh.

Yanuh-Jat (arabisk يانوح-جت, יָנוּחַ-גַ'תּ) er ein arabisk lokal kommune i Nord distrikt i Israel, nordaust for Akko, som består av landsbyane Yanuh og Jat. Dei vart slått saman i 1990. Byen hadde eit folketal på 5 300 i 2006 og innbyggjarar er hovudsakleg drusarar.

Yanuh-Jat
יָנוּחַ-גַ'תּ, يانوح-جت
lokal kommune
Namneopphav: Yanuh, kanskje frå Yanoh[1]-Jett, kanskje «høgareliggande stad»[2]
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°58′58.02″N 35°14′39.29″E / 32.9827833°N 35.2442472°E / 32.9827833; 35.2442472
Areal 13,4 km²
Folketal 5 300  (2006)
Folketettleik 396 / km²
Bystatus 1990
Kart
Yanuh-Jat
32°58′55″N 35°15′00″E / 32.9819°N 35.2499°E / 32.9819; 35.2499
Wikimedia Commons: Yanuh-Jat

Historie endre

I Yanuh vart gamle tilhogde steinar nytta om att i landsbyhusa. Det er òg skildra dekksteinar, oljepresser, vinpresser, cisterner skoren ut i berget og gamle graver her.[3]

Det er funne ruinar frå bronsealderen, jernalderen, hellenistisk, romersk og bysantinsk tid nær heilagdomen Shaykh Abu Arus i Jat.[4] Det er funne glasvasar frå 300- og 400-talet evt. i Jat då eit gravkammer vart grave ut i 1966. Det er òg funne keramikk frå same periode, i lag med ei bjølle i bronse, som vart grave ut i 1967.[5]

I 1250 vart Yanuh nemnd under namnet Lanahie, som ein av casales som høyrte til Den tyske riddarordenen.[6]

I den same krossfarartida, høyrte Jat først til herre som hadde sete i Mi'ilya («Castellum Regis»), og seinare til Den tyske riddarordenen. I denne tida vart han kalla anten Jesce, Jeth eller Gez.[4]

Osmansk tid endre

I 1517 vart området ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 var Yanuh oppført i osmanske skattelister under namnet «Yanuh al-Ward» som ein del av Akka nahiya (underdistrikt) i Safad liwa med eit folketal på 16 hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar. Han betalte skattar av ei rekkje avlingar, inkludert kveite og bygg, frukttre, i tillegg til geiter, bikubar og «vinterenger».[7] Jat kan ha vore landsbyen under namnet Kafr Yuda (Yura) i same daftar, ein landsby med eit folketal på 28 hushaldningar, òg her var alle muslimar.[8]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Yanuh i august 1875, og fann cisterner skoren ut i berget og mange tilhogde steinar spreidd utover jorda, omgjeve av plattformer eller nytta som byggemateriale, noko som synte at staden var særs gammal.[9]

I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Yanuh was som ein landsby «bygd av stein, i to delar, med grava til Neby i sør. Landsbyen ligg delvis i ruinar og er busett av kring 170 drusarar. Han ligg i høgda på vestsida av ein rygg, og er omgjeve av oliven og noko oppdyrka mark, men hovudsakleg kratt. Her er to cisterner som gjev landsbyen vatn.»[10] SWP skildra samstundes «Jett» som «ein landsby, bygd av stein, på ein åsrygg, med kring 120 drusarar (i følgje Guerin, 150); omgjeve av oliven og fiken. Vatn frå cisterner og brunnar.»[11]

Palestinamandatet endre

I folketeljinga i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Yanuh eit folketal på 117 drusarar og éin muslim,[12] medan Jat hadde eit folketal på 137, all drusarar.[12] Under folketeljinga i 1931 hadde Yanuh eit folketal på 306, all drusarar, i 47 hus,[13] medan Jat hadde eit folketal på 154 i 28 hus. Av desse var åtte muslimar og resten drusarar.[14]

I 1945 hadde Yanuh eit folketal på 410, alle arabarar, med 12 836 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[15] Av dette var 804 dekar var plantasjar og irrigert land, 1 625 nytta for korn,[16] medan 40 dekar vart utbygd land.[17] I den same teljinga i 1945 hadde Jat hadde eit folketal på 200 arabarar og 5 909 dekar land.[18] Av dette var 554 dekar var plantasjar og irrigert land, 1 206 nytta for korn,[19] medan 29 dekar vart utbygd land.[20]

Moderne tid endre

I følgje delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina skulle Yanuh-Jat ver ein del av ein arabisk stat.[21] I august 1948, under den arabisk-israelske krigen i 1948, var fleire drusarlandsbyar i det vestlege Galilea under israelsk militærkontroll. Yanuh og Jat var av fleire drusarlandsbyar som låg i militærsonen til Den arabiske frigjeringshæren (ALA) under Fawzi al-Qawuqji.[22] Yanuh var den einaste landsbyen som tok i mot ALA og i september kom fleire ALA-soldatar til landsbyeb som forsterkningar i forsvaret av Tarshiha der ALA hadde eit hovudkvarter. Den 29. oktober starta israelske styrkar Operasjon Hiram, ein offensiv som førte til at mykje av det sentrale Galilea vart erobra og somme landsbyar sør i Libanon. Under operasjonen gjorde væpna innbyggjarar i Yanuh og Jat motstand og 17 israelske soldatar mista livet, 14 av dei drusarar. Den israelske eininga hadde ikkje venta ein konfrontasjon med dei to landsbyane fordi representantar frå Yanuh hadde danna ein hemmeleg avtale med dei israelske styresmaktene om ikkje å yte motstand.[23][24] Familiane til dei drepne drusar-soldatane fekk kompensasjon av innbyggjarane i Yanuh og Jat, men dei to landsbyane vart seinare forsømd av staten då Israel fekk kontroll over området, sidan dei vart rekna for å ha svike landet.[25] Ingen av innbyggjarane vart forviste.[23]

 
Sjeik Shams maqām i Yanuh.

Yanuh-Jat fekk lokal kommunestatus i 1990. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde han eit folketal på 5 300 i 2006. Dei fleste innbyggjarane er drusarar.[26] Før kommunane vart slått saman i 1990, vart Yanuh og Jat separate landsbyar.

Kjelder endre

  1. I følgje Palmer, s. 60, eller Yanuh i Sør-Libanon, s. 38, kan vere Yanoah i Bibelen (2. Kong15:29)
  2. Palmer, 1881, s. 43
  3. Dauphin, 1998, s. 637
  4. 4,0 4,1 Cinamon, 2011, Jatt Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine.
  5. Dauphin, 1998, s. 638
  6. Conder og Kitchener, 1881, s. 155
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 194
  8. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 193.
  9. Guérin, 1880, s. 18-19, as translated by Conder og Kitchener, 1881, s. 193
  10. Conder og Kitchener, 1881, s. 148
  11. Conder og Kitchener, 1881, s. 145
  12. 12,0 12,1 J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36. 
  13. Mills, 1932, s. 104.
  14. Mills, 1932, s. 101.
  15. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 41[daud lenkje]
  16. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 82[daud lenkje]
  17. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 132[daud lenkje]
  18. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 40[daud lenkje]
  19. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 80[daud lenkje]
  20. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 130[daud lenkje]
  21. Map, UN partition plan, arkivert frå originalen 24. januar 2009, henta 1. februar 2015 
  22. Firro, 1999, s. 67.
  23. 23,0 23,1 Parsons, ed. Rogan, 2001, s. 66.
  24. Firro, 1999, s. 69-70.
  25. Firro, 1999, s. 72-73.
  26. Yanuh-Jat (Israel) Gutterman, Dov. Flags of the World.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre