Klockerin
Klockerin er eit 3 422 meter over havet høgt fjell i Glockner-massivet i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Nordvestveggen på fjellet er om lag 920 meter høg og stig i eit gjennomsnitt på 54°. Særleg mot vest, frå fjellvatnet Stausee Mooserboden framstår Klockerin som eit veldig, skinande massiv.
Klockerin | |||
fjell | |||
Klockerin, sett frå Hintere Bratschenkopf
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Hohe Tauern | ||
Høgd | 3 422 moh. | ||
Primærfaktor | 166 m | ||
Førstestiging | 1869 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Klockerin | |||
Wikimedia Commons: Klockerin | |||
Fjelltoppen vart vitja fyrste gongen den 18. september 1869 av den tyske fjellklatraren Karl Hofmann og kjøpmannen Johann Stüdl, i fylgje med fjellførarane Thomas Groder og Josef Schnell frå landsbyen Kals am Großglockner. Same dagen vart dei fire også fyrstebestigarar av Hintere Bratschenkopf og Große Bärenkopf.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Klockerin» frå Wikipedia på tysk, den 31. juli 2014.