Knockeyon (irsk Cnoic Eoghain) er ein ås i County Westmeath i Republikken Irland. Han ruvar i dei omliggande områda, som har mange innsjøar. Åsen ligg mellom Lough Lene og Lough Derravaragh og frå her har ein utsyn over dei nordlege områda av Leinster.

Knockeyon
fjell
Knockeyon ein morgon med tåke
Land  Irland
Fylke Westmeath
Fjellkjede Westmeath Hills
Høgd 215 moh.
Primærfaktor 197 m
Koordinatar 53°37′24.3″N 7°17′49.6″W / 53.623417°N 7.297111°W / 53.623417; -7.297111
Kart
Knockeyon
53°37′24″N 7°17′50″W / 53.623416666667°N 7.2971111111111°W / 53.623416666667; -7.2971111111111
Wikimedia Commons: Knockeyon

Halvvegs oppe i åssida ligg ruinane av eit gamalt kapell, bygd av St. Cauragh og tileigna St. Eyon. Kapellet vart skjert ut i naturstein og ein meiner at det aldri hadde noko tak. Ved sida av kapellet ligg ruinane av brønnen St. Cauragh's Well, og det vert sagt at vatnet i brønne har mirakuløse eigenskapar. Sjå Lough Derravaragh for fleire detaljar om soga.

Kjelder endre