Opna hovudmenyen

Knud Geelmuyden Bull (10. september 181123. desember 1889) var ein norsk-australsk målar som var bror av fiolinisten og komponisten Ole Bull og arkitekten Georg Andreas Bull.[1]

Knud Bull
Fødd 10. september 1811
Bergen
Død

23. desember 1889
Sydney

Yrke kunstmålar
View of Hobart Town (1853)

Han fekk truleg den første målarutdanninga si i København, og fekk seinare ein del undervising hjå Jacob Calmeyer i Bergen. I 1833–34 var han elev av J.C. Dahl i Dresden.[1]

I 1845 drog han frå Stockholm til Storbritannia, der han laga ei trykkplate for 100 spesidalar for å kunna produsere falske norske pengesetlar. Han blei avslørt, stild for retten og dømd til forvising til Australia i 14 år. I 1846 kom han til straffekolonien på Norfolkøya vest for Australia. Året etter blei han flytta til Tasmania. I 1853 blei han frigjeven, men blei som mange andre forviste fangar verande i Australia. Han slo seg ned i Hobart, der han etablerte seg som profesjonell landskapsmålar.[1]

Han flytta til Sydney i 1856. Året etter blei han tatt for sjekkforfalsking, men frifunnen på grunn av mangel på bevis. I åra som følgde gav han undervising og tok diverse tilfeldig arbeid, men måla lite sjølv.[1]

Knud Bull er rekna som ein pioner innan australsk målarkunst. Han er representert i alle dei sentrale museuma i Australia. Berre nokre få verk av han er kjende frå Noreg.[1]

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Knud Geelmuyden Bull». Store norske leksikon (på norsk). 18. oktober 2016. 

BakgrunnstoffEndra