Ragnar Kvam jr. (fødd 23. september 1942 i Kvinesdal) er ein norsk forfattar, globetrotter og journalist.

Ragnar Kvam jr.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. september 1942 (82 år)
Kvinesdal kommune
Yrke journalist, biograf, faglitterær forfattar, globetrotter
Far Ragnar Kvam
Ektefelle Sidsel Wold

Kvam er utdanna cand.philol. med hovedfag i historie ved Universitetet i Oslo. Han har arbeidd som journalist i Dagbladet. I 1987 selde Kvam alt han åtte, kjøpte ein 37 fot sin seilbåt (Bostrøm 37) med namn «Northern Quest» og la ut på ein omfattande jordomseiling. I dei tre ferdskildringane Oppbrot, Havet har meg no og Ein sjøreise til Sibir skriv han åpenhjertig og personleg om dei ulike etappane frå denne reisa. Siste etappane reiste han saman med sin ektefelle, Sidsel Wold.

Hans bok om polfareren Hjalmar Johansen kasta eit heilt nytt lys over omstenda rundt Hjalmar Johansens konflikt med Roald Amundsen under sørpolferda. I Straffa skriv han om den norske straffangen Knud Bull, komponisten Ol Bulls ukjende bror som vart dømt for falskmynteri i London og deportert til Australia. I sin bok Dei fire store er Kvam tilbake til polarheltene. Her beretter han om Nansen, Amundsen, Shackleton og Scott, og kva som kjenneteiknar leiaråtferda deres.

Kvam vart trudd seg til arbeidet med å skriva biografien om Thor Heyerdahl. Biografien er delt i tre bind. Første bind vart utgjeven i 2005 og anna bind i 2008. Tredje bind og siste bind kom 2013.

Bibliografi

endre
  • Den billige arbeidskraften. Fremmedarbeidere i Norge og EEC – Pax 1971.
  • DNA mot splittelse. Da venstrefløyen ble ekskludert og SF stiftet – Cappelen 1973
  • De farlige jobbene (Medforfatter Fritz Nilsen) – Pax 1975
  • Oppbrudd. Beretningen om en lang sjøreise med Northern Quest – Scanbok 1990
  • Havet har meg nå – Scanbok 1992
  • Jakten – (Medforfatter Ola Thune) – Gyldendal 1993
  • En sjøreise til Sibir – Gyldendal 1996
  • Den tredje mann. Beretningen om Hjalmar Johansen – Gyldendal 1997
  • Straffen – Gyldendal 1999
  • De fire store – Gyldendal 2000
  • I hodet på en seiler – Gyldendal 2001
  • Thor Heyerdahl. Mannen og havet. Bind I. – (2005)
  • Thor Heyerdahl. Mannen og verden Bind II – (2008)
  • Intet er så rommelig som havet Illustrert av Didrik Hvoslef-Eide (2009)
  • Thor Heyerdahl. Mannen og mytene Bind III – (2013)

Flere av Kvams bøker er utgitt som lydbøker

Prisar og utmerkingar

endre

Kjelder

endre