Knut Fingarson Fosslia (12. mai 18161880) var ein namngjeten spelemann frå Krødsherad, i si tid rekna som ein av dei likaste spelemennene i dei trakter.

Knut Fosslia
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mai 1816
Død

1880 (63 år)

Yrke musikar

Knut var vidkjend for meir enn felespel. Han var òg børsesmed, felemakar kjøkmeister og liktalar. Det vart òg sagt han kunne trolle, dreiv med synkverving og hadde hand om svarteboka. Ein gong vart han teken for falskmynteri.

Spelet og personlegdomen hans Knut Fosslia var av eit slikt lag at han vart segngjeten alt i levetida. Han lærde bort slåttar til Gamle-Kleven, Kittil Langebakke, Hans Hagen og Andres Vinna. Truls Ørpen noterte at slåttane etter Knut var særmerkte, ikkje nett så store i forma, men med mykje krot og trillar. Spelet hans Knut var nok prega av hundreåret før.

Jonsokdag i 1840 vart Knut gift med Ragne Hallgrimsdotter Enderud, og dei fekk fem barn, men av berre eitt av dei levde til vaksen alder. Etter at Ragne døydde, for Knut til Amerika i 1848, og tok seg nytt gifte der, Anne Kittilsdotter Tangen. Dei fekk ni born der borte, og ei stor etterslekt.

I Amerika heldt Knut fram som spelemann og felemakar, og vart buande på Jefferson Prairie nett utanfor Chicago. Då Ole Bull var vestover på turne oppsøkte han Knut Fosslia, og desse heldt konsertar saman, og tevla i ulike kunststykke med felene sine. Men Knut var ikkje nøgd med konsertane, av di Ole Bull fekk all æra, trass i at han sjølv meinte han spela slåttane betre.

Knut Fosslia døydde i Amerika i 1880.

Kjelder endre

  • Ministerialbøker for Krødsherad: 1815-29 og 1829-51