Andres Eriksson Vinna, (27. august 18341922) var ein norsk spelemann frå garden Ørpen i Krødsherad i Buskerud.

Andres Vinna
Fødd27. august 1834
Død1922
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Andres var helst ein lokal spelemann som ikkje reiste stort. Han var mykje nytta til dans, fortalde Truls Ørpen. Han hadde lært spel av Knut Fosslia og av Kittil Langebakke, og Hans Hagen. Truls Ørpen fortalde seinare at det var fosslispelet Andres kunne best, fylde med "underlege tak og naturtonetrinn".

Andres Vinna var ein dugande dansar, og når Oscar II var på reise, var det Andres som laut vise seg for kongen. Han meistra mellom anna den gamle parhallingen som var vanleg i Krødsherad i gamal tid.

Slåttar etter Andres VinnaEndra

Hardingfeleverket har seks slåttenedskrifter etter Andres Vinna, alle gjort av Truls Ørpen på 1920-talet. Dei to springarane syner nær kontakt med spelet i Hallingdal.

  • 6: Gangar. Skriven ned av Truls Ørpen kring 1920 (Ø 20). Vinna hadde slåtten etter Knut Fosslia. 6/8.
  • 7: Gangar. Skriven ned av Truls Ørpen kring 1920 (Ø 33). 6/8
  • 51: Gamal halling. Skriven ned av Truls Ørpen kring 1927 (etter minne. Ø 108). Vinna hadde slåtten etter Knut Fosslia. Sveipar noko inn på Gudvangen II. 2/4.
  • 189: Plassen. Springar skriven ned av Truls Ørpen kring 1925 etter minne (Ø 11). Namnet er etter ein spelemann frå garden Plassen i Flå. Dette er truleg ein hallingspringar. Slåtten er og skriven opp etter Jørgen Husemoen frå Nesbyen.
  • 404b: Fuglesongen. Springar skriven ned av Truls Ørpen 1923 etter minne (Ø 23). Vinna hadde slåtten etter Knut Fosslia. Slåtten er elles nytta i Hallingdal, og variant a er etter Sevat Sataøen.