Opna hovudmenyen

Knut Larsson Liestøl (12. februar 180922. april 1890) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Åseral i Aust-Agder. Han var far til Lars Knutson Liestøl.

Knut Larsson Liestøl
Fødd 12. februar 1809
Død 22. april 1890

Han var fødd på garden Listøl i Åseral, gjekk i allmugeskulen tre dagar årleg. Las seg til kunnskapar. Etter å ha vore tenestegut vart han gardbrukar på Austergard i Åseral og lensmann 1837-87. Medlem av heradsstyret og forlikskommisjonen.

Liestøl var stortingsmann for Nedenes amt frå 1865 til 1873. Han var i 1865-66 medlem av bankomiteen, 1868-69 og 1871 av næringskomite nr 2 og 1871-73 av justiskomite nr 2.

Han døydde på garden sin i Åseral i 1890.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914