Lars Knutson Liestøl

norsk politikar

Lars Knutson Liestøl (fødd 13. juni 1839 i Åseral, død 15. desember 1912 i Kristiansand) var ein norsk lensmann, gardbrukar og politikar for partiet Venstre. Liestøl var statsråd og sjef for Revisjonsdepartementet frå 5. mars 1888 til 22. februar 1889 i Johan Sverdrups regjering. Frå oktober til desember 1888 leidde han også Indredepartementet. Knut Larsson Liestøl og hustru Gyro Grundesdotter var foreldra hans. Knut Liestøl var ein brorson.

Lars Knutson Liestøl

Fødd13. juni 1839
Åseral
Død15. desember 1912 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Liv og gjerning endre

Liestøl vart innvald til Stortinget i heile ti periodar, første gong i 1874. Han døyde før han tok fatt på sin tiande periode. Mesteparten av tida var han medlem av justiskomiteen.

Liestøl var sterkt engasjert i målsaka, og var i 1885 med å vedta jamstillinga mellom dei to målformene i landet.[1]

« Eg kan ikkje længre halde det ut med at skriva Dansk, fyredi Tankarne verde so

innesnørde som ei turka Næver.

»

—Brev frå Lars Liestøl til faren Knut Larson Liestøl i 1865[2]

Liestøl var lensmann i Bygland frå 1866 til 1888 og hadde rydningen på garden Frøysnes frå 1870. Han sat i Bygland heradsstyre i 36 år og var ordførar i bygda i tolv år. Han hadde i tillegg ein rekkje lokale offentlege verv.

Han var sjølvlærd i engelsk språk, og studerte engelsk og særskild amerikansk historie. Han hadde også særskilde evner for teikning.

Han vart i 1899 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

Kjelder endre

  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgjeve av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Fotnotar endre

  1. Ottar Grepstad: «Språkleg valfridom: eit demokratisk dilemma». Føredrag på Språk 2005 i Bærum kulturhus, Sandvika 9. april 2005.
  2. Åsulv Frøysnes: «Lars Liestøl og målsaka», Syn og Segn 1971, s. 157

Bakgrunnsstoff endre