Knut O. Otterlei
Knut Severin Jonas Olsson Otterlei (28. november 1868–31. oktober 1939) var ein fiskar, gardbrukar, organisasjonsmann og politikar. Han var frå øya Fjørtoft i Haram.
Knut O. Otterlei | |||
| |||
Fødd | 28. november 1868 Fjørtofta | ||
---|---|---|---|
Død | 31. oktober 1939 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | fiskarbonde, politikar | ||
Alle verv |
|
Otterlei var son av ein gardbrukar på Fjørtoft. Han gjekk Romsdals amtsskole 1883-84, og dreiv deretter fiske. I 22 år førte han fiskefartøy, ti av desse åra var han skipper på eigen motorkutter, som dreiv både torske- og sildefiske på sunnmørshavet og vidare. Han tok over farsgarden på Otterlei i 1893 og dreiv denne ved sidan av fisket.
Otterlei hadde mange verv i fiskerinæringa, var leiar av fleire organisasjonar og tiltak. Han var medlem av heradstyret i Haram, i fleire år var han ordførar. Han var vald som stortingsrepresentant for Venstre frå Romsdals amt i periodane 1913 - 1921, medlem av konstitusjonskomiteen.
Otterlei døydde på heimegarden i 1939.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914