Fjørtofta[1] er ei øy i Haram kommune i Møre og Romsdal. Ho høyrer til øygruppa Nordøyane og har eit areal på 8,9 km². Øya ligg ved munningen av Romsdalsfjorden mellom Fjørtoftfjorden i nord og Nogvafjorden i sør.[2]

Fjørtofta
Fjørtofta Foto: Øystein H. Brekke
Fjørtofta
Foto: Øystein H. Brekke
Geografi
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°42′08″N 06°23′43″E / 62.70222°N 6.39528°E / 62.70222; 6.39528

Areal 8,9 km²

Høgaste punkt Æafjellet (112 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Demografi
Folketal 114 (2024)
Folketettleik 13 /km²

Det er ferjesamband til dei nærliggande øyane og til fastlandet og hurtigbåtsamband til Ålesund og dei andre Nordøyane. Fjørtoft kyrkje vart bygd i 1878, og ligg i Nordgard som er ein av dei fire bygdelaga på øya. Nordgard, Sørgard, Otterlei og Stranda. Det har budd folk på Fjørtofta i lange tider, og det er gjort funn frå vikingtida på øya.

Folketalsutvikling:

1801[3] 1900[4] 2000[5] 2024[5]
144 330 287 114

Kjelder

endre
  1. «Fjørtofta». Faktaark. Kartverket. Henta 6. mars 2017. 
  2. Fjørtofta på Norgeskart.no fra Statens kartverk
  3. Folketeljing 1801 for Haram prestegjeld, frå Digitalarkivet
  4. Folketeljing 1900 for Haram herred, frå Digitalarkivet
  5. 5,0 5,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå