Knut Risan

norsk skodespelar

Knut Risan (19. februar 19301. februar 2011) var ein norsk skodespelar frå Trondheim.

Knut Risan

Fødd19. februar 1930
FødestadTrondheim
Død1. februar 2011 (80 år)
Verka somskodespelar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar
EktefelleAstrid Folstad
PrisarPer Aabels ærespris
Knut Risan og Bente Børsum i Nationaltheatret.

Biografi endre

Han debuterte på Nationaltheatret i 1956 som «Kasper» i Folk og røvere i Kardemomme by og spelte i 147 ulike roller fram til han pensjonerte seg i 1998. Nokre av dei viktigaste rollene hans var tittelrolla i Tartuffe, «Nils Lykke» i Fru Inger til Østraat, «Rørlund» i Samfundets støtter og «Wangel» i Fruen fra havet. Avskjedsførestillinga hans var Måken av Anton Tsjekhov. Risan hadde også gjesteopptredenar ved Den Norske Opera, Den Nationale Scene og Riksteatret.

Risan hadde fleire roller i Fjernsynsteateret, fyrst og fremst vert han hugsa som «Torvald Helmer» i Et dukkehjem, med Lise Fjeldstad som motspelar i rolla som «Nora». Mange hugsar han også som Edmond Dantes i dramatiseringa av Greven av Monte Cristo tidleg på 1960-talet.

Innanfor musikkteateret spelte han m.a. i Flaggermusen, Den glade enke og Tolvskillingsoperaen. Dessutan hadde han fleire filmroller, t.d. som kongen i Reisen til Julestjernen. Han spelte «Blomsterhandler Rosengren» i barne-TV-serien Jul i Skomakergata frå 1979. Han var også kjent som den norske forteljaren i Tre nøtter til Askepott, der han gav stemme til alle karakterane. Risan jobba i tillegg i fleire år som stemme over programreklamar på TV 2. Med si karakteristiske mørke røyst stod han for den legendariske setninga «-Du tror det ikke før du får se det» i samband med TV-serien X-files.

Risan har også lese inn ei rekke lydbøker. I 1993 mottok han Per Aabels ærespris.

Risan var gift med skodespelarinna Astrid Folstad.

Filmografi endre


Kjelde endre

  • Artikkelen er omsett frå bokmålswikipedia den 20. februar 2011.

Bakgrunnsstoff endre