Den Norske Opera & Ballett
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Operahuset i Oslo.
Den Norske Opera & Ballett er ein institusjon for opera og ballett som vart stifta i 1957. Han er den einaste fullt ut profesjonelle institusjonen for produksjon og formidling av desse kunstformene i Noreg.
Den Norske Opera & Ballett | |||
Operahuset i skumring sett fra nordvest. Ekeberg i bakgrunnen. Foto: Rafał Konieczny | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 920201598 | ||
Skipa | 19. november 1957 | ||
Hovudkontor | Operahuset i Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Styreleiar | Anne Carine Tanum (2015) | ||
Adm.dir. | Geir Bergkastet | ||
Nettstad | http://www.operaen.no |
Den Norske Opera & Ballett si verksemd er organisert i sju programområde: Opera, ballett, konsertar, utdanning og formidling, utvikling og nyskapning, turné- og riksopera, i tillegg til utanlandsgjestespel.
Soge
endreDen første operasjefen var Kirsten Flagstad. Den norske Operaen & Ballett heldt sidan starten til i Folketeatret på Youngstorget, før han i 2008 kunne flytte inn i det nye Operahuset i Oslo med adresse Kirsten Flagstads plass 1 i Bjørvika. I samband med flyttinga endra institusjonen namn frå «Den Norske Operaen» til «Den Norske Opera & Ballett». Samstundes la Det norske Operafond ned verksemda og overlét eigenkapitalen til institusjonen. Institusjonen er organisert som eit aksjeselskap og var til 2008 eigd av den norske staten (90 %) og Det Norske Operafond (10 %), etter dette heilt av staten.
Frå 1. januar 2009 bestod administrasjonen av Tom Remlov som administrerande direktør, Paul Curran operasjef, Espen Giljane ballettsjef og John Fiore musikksjef. Styreleiar var Ellen Horn.
Tidlegare operasjefar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Den Norske Opera & Ballett» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2010.