Denne artikkelen handlar om den heilage kongen Knut. For hertugen, sjå Knut Lavard.

Knut IV av Danmark (ca. 10431086) var konge av Danmark frå 1080 til 1086, då han blei drepen. Han blei seinare helgenerklært som den første dansken, og er kjend som Knut den heilage. Etter norrøn namneskikk heiter han Knut Sveinsson, dansk Knud Svendsen.

Knut IV

Konge av Danmark
PeriodeDanmark 1080-1086
Føddca. 1043
FødestadDanmark
Død10. juli 1086 i Sankt Albani Kirke
DødsstadOdense
FarSvend Estridsen
EktefelleAdele av Flandern
BarnKarl Danske
FøregangarHarald Hen
EtterfølgjarOlav Hunger

Familie endre

Knut var ein av 13 søner Svein Estridsson hadde utanfor ekteskap. Han var gift med Adele (død 1115), syster til grev Robert II av Flandern. Saman fekk dei tre born, to døtrer og ein son, Karl av Flandern. Sonen deira vart ikkje regent, ettersom Knut sin bror, Oluf I Hunger, etterfølgde han på trona.

Knut blei konge av Danmark etter bror sin, Harald Hen. Knut var den andre i rekkja av Svein Estridsson sine fem søner som blei kongar av Danmark. Han søkte først kongemakta då faren døydde i 1076, men blei vraka til fordel for bror sin. Deretter flykta han for ei tid til Sverige, og vende så tilbake som tronkrevjar då Harald døydde.

Regjeringstid endre

Knud viste seg vera ein ærgjerrig og from konge. Han ynskte å gjenreisa riket til Knut den mektige, men dette syntest ikkje dei danske stormennene om. Han hadde allereie delteke på hærtog mot England i 1069, under far sin, og i 1075, då han herja York. På tilbakevegen stoppa han i Flandern som gjennom sitt fiendskap mot Vilhelm erobraren var ein nyttig alliert.

I 1085 samla Knut heile den danske leidangflåten – kanskje så mange som 1000 skip – i Limfjorden for å reisa til England og avsetja normannarstyret til Vilhelm erobraren. Dei kom aldri avgarde på grunn av den pågåande konflikten med den tysk-romerske keisaren, Henrik IV, ved sørgrensa av landet. Først ut på sommaren fekk leidangsflåten lov til å dra heim. Dette førte til ope opprør, og Knut måtte flykta frå kongsgården Børglum til Aggersborg og vidare til Viborg og Slesvig før han enda opp i Odense. Året etter ville han gjera eit nytt forsøk, og fekk igjen samla ein flåte i Limfjorden saman med svigerfaren. Denne gongen blei han forhindra frå å slutta seg til flåten, og denne blei nok ein gong oppløyst.

Knut betra kyrkja si stilling i riket og forventa at folk heldt høgtidene særs heilage. Han ville innføra tiande, innføra strengare straffer for lovbrot utført på heilagdagar og skriva ut nye skattar. Han påla òg leidangen å delta i det planlagde hærtoget mot England, og straffa motvilje mot å delta i hærtoget med nye bøter.

Knut sin iver etter både krig og reforma skapte motstand i folkesetnaden. I 1086 braut eit folkeleg opprør ut, truleg på grunn av nokre eller alle desse årsakene.

 
Knut den Helliges død i St. Albani Kirke, 1086. Måleri av Christian Albrecht von Benzon (1843)

10. juli 1086 blei kong Knut drepen i Sankt Albani kyrkje i Odense. Blant følgjet til kongen var det berre bror hans, Erik Ejegod, som slapp unna. Knut vart gravlagt i domkyrkja som han sjølv hadde late reisa.

Helgen endre

 
Grava til Knut den heilage i Odense.

Like etter at Knut var drepen gjekk mellom andre broren Erik Ejegod i gang med å få han erklært som helgen. Ni uår under regjeringstida til etterfylgjaren Olof blei tolka som teikn på at Gud straffa kongsdrapet i kyrkja. Utsendingar frå Eirik III lukkast overtala pave Paschalis II til å kanonisera kongen, og i 1100 eller 1101 blei han den første danske helgenen og den einaste danske kongen som er rekna som helgen. Helgennamnet hans er San Canuto og han har festdag den 19. januar. I kunsten blir han som regel avbilda med sverd og kongekrone. Ei lanse eller piler kan òg vera symbola hans ettersom det var med desse han etter tradisjonen blei drepen.

Leivningane etter Knut blei lagt i eit gyllent helgenskrin på altaret i Sankt Knuts kyrkje i Odense. Skjeletta av både Knut den Heilage og broren Benedikt ligg utstilt i krypten under domkyrkja, der dei er utstilt i gjennomsiktige kister.

Rundt 1120 skreiv munken Ælnoth frå Canterbury eit helgenskrift om Knut. Som helgen er Knut sett på som ein from og streng, men rettvis konge som kjempa for kyrkja utan tanke på eigen person og enda som martyr. Andre syn på kongen er at han var valdsam og plaga folket med urimelege krav.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre