Denne artikkelen handlar om byen i Kent. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Canterbury (fleirtyding).

Canterbury er ein by i Kent i det søraustlege England. Byen er sete for erkebiskopen av Canterbury, som er primas for Den engelske kyrkja. Byen ligg i, og er administrasjonssenter for, distriktet City of Canterbury.

Canterbury

Canterbury ligg ved elva Stour i Kent
Canterbury ligg ved elva Stour i Kent
Canterbury ligg ved elva Stour i Kent
Plassering
Canterbury is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Kent
Distrikt Canterbury
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

43 432
Koordinatar 51°16′″N 1°5′″EKoordinatar: 51°16′″N 1°5′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer CT1, CT2, CT3, CT4
Telefon-retningsnummer 0 1227
Commons har multimedium som gjeld: Canterbury

Byen har eit folketal på 42 258 (2001), fordelt på eit areal på 23,54 km². Dette gir ein folketettleik på 1 795 per km².

Historie endre

Namnet «Canterbury» kjem frå gammalengelsk Cantwarebyrig, som tyder 'festninga til Kentmennene'. Det har budd menneske i området sidan førhistorisk tid. I romersk tid vart byen eit administrativt sentrum under namnet Durovernum. Restar av romerske bymurar og byportar er bevart.

I 597 bygde heilage Augustin av Canterbury eit kloster i nærleiken av staden der Canterburykatedralen seinare vart reist. Augustin hadde blitt sendt til England som misjonær, med instruksjon om å opprette eit erkebispesete i London. Det viste seg at det ikkje var mogeleg, og han valde derfor Canterbury, som var den næraste staden han kunne finne der det var eit rimeleg høve for å lukkast med opprettinga. Klosteret vart rive under oppløysinga av klostervesenet i England under Henrik VIII; berre ruinar er att.

Katedralen vart i mellomalderen gravstad for Henrik IV og Edward, the Black Prince. I 1170 vart erkebiskop Thomas Becket myrda i katedralen. Grava hans vart raskt eit viktig pilegrimsmål, og valfarten danna bakteppet for Geoffrey Chaucer sine Canterbury Tales (1387). Familien til Thomas More hadde eigedomar i Canterbury, og Christopher Marlowe var fødd der.

Under andre verdskrigen førte bombinga til store øydeleggingar i byen, etter at han vart utvald som ein av byane Luftwaffe skulle rette åtaka sine mot under Baedekerblitzen.

Byen er i dag eit viktig turistmål, og i 2001 vitja 1,2 millionar menneske katedralen. I sentrum er mykje av mellomaldarbusetnaden godt bevart, og det er strenge reguleringar av byggeaktivitet for å bevare gamle bygg.

Politikk endre

Distriktet City of Canterbury dekker eit området som er 13 gonger større enn sjølve byen, og inkluderer Herne Bay og Whitstable. Sjølve byen er delt inn i bydelane Barton, Northgate, St Stephens, Westgate og Wincheap, samt at delar av Universitetet i Kent ligg innanfor bygrensa. Berre ein del av byen, Thanington without har eit sokn som politisk eining, medan resten ikkje er delt inn i sokn. Canterbury og Whitstable utgjer ein valkrets til det britiske parlamentet.

Canterbury er venskapsby med Reims i Frankrike, og har venskapsband med Bloomington-Normal i Illinois i USA, og Vladimir i Russland.

Infrastruktur endre

Det er to jernbanestasjonar i sjølve byen, Canterbury East og Canterbury West. Den austlege stasjonen ligg på linja mellom London (Victoria) og Dover, medan den vestlege er på linja mellom London (Charing Cross) og Ramsgate og Margate. Togreisa til London (Victoria) tar omkring 88 minutt.

Motorvegen A2 frå London til Dover går som ringveg rundt byen; avstanden til London er ca. 98 km. Den andre hovudvegen gjennom byen er A28 mellom Ashford og Ramsgate og Margate. Bussamband til London (Victoria) tar omkring 110 minutt.

Utdanning endre

Canterbury har tre høgare utdanningsinstitusjonar. Universitetet i Kent ligg på eit høgdedrag omkring 3 km frå sentrum. Chaucer College er ein uavhengig høgskule for japanske studentar, innanfor Universitetet i Kent. Canterbury Christ Church University Canterbury Christ Church University ligg i bysentrum, og er mest kjend for utdanninga innan film, radio og tv der m.a. Thelma Schoonmaker gjesteunderviser. I tillegg finst det ein institusjon for vidareutdanning, Canterbury College.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre