Kocaelihalvøya (tyrkisk Kocaeli Yarımadası) er ei halvøy i Tyrkia. Om lag ein tredjedel av byen Istanbul, den asiatiske sida av byen, ligg på halvøya.

Kocaelihalvøya
Land  Tyrkia
Kart
Kocaelihalvøya
41°00′N 29°36′E / 41°N 29.6°E / 41; 29.6

Geografi

endre
 
Çatalcahalvøya er halvøya til venstre og utgjer store delar av Istanbul.

Halvøya ligg nordvest i Anatolia. Ho er 90 km lang og kring 40 km brei. Ho grensar til Svartehavet i nord, Marmarahavet i sør og Bosporossundet i vest. Ei nesten identisk halvøy, Çatalça, ligg på andre sida av Bosporos.[1]

Historie

endre

I lag med sundet Dardanellane, er passasjen over Bosporos og forbi Kocaelihalvøya hovudvegen mellom Europa og Asia. I antikken var frygarane, bithinarane og galatarane somme av dei. Men, medan frygarane og galatarane flytta til Sentral-Anatolia, vart det bithinarane som kontrollerte området i lang tid. Hannibal, kommandanten frå Kartago, søkte tilflukt i Bithinia og døydde på Kocaelihalvøya [2] kring 182 fvt. Grava hans kan ligge kring Dilovası eller ved Gebze som begge ligg kring midten av halvøya. Seinare vart halvøya ein del av Romarriket, Austromarriket og Det osmanske riket.

Kjelder

endre
  1. Geographers' site
  2. Site of Kocaeli University, arkivert frå originalen 10. august 2010, henta 10. august 2012 

41°00′N 29°36′E / 41.000°N 29.600°E / 41.000; 29.600