Kogifolk

(Omdirigert frå Koguis)

Kogi (også kogui, cogui eller kágaba, tyder 'jaguar' på kogi)[1] er ei urfolksgruppe frå Sierra Nevada de Santa Marta nord i Colombia. Ho omfattar rundt 4 000 personar (est. 1988).[2]

Kogikvinne og barn på ein av terrasane ved Ciudad Perdida.
Kogi-sjaman ved Ciudad Perdida.
Kogimann på ein av terrasane ved Ciudad Perdida i 2017.

Kogi er eit chibchansk språk, i slekt med andre urfolksspråk sør i Mellom-Amerika og nord i Sør-Amerika.[2]

Historie endre

Kogifolka fører historia si tilbake til Tairona-kulturen, som bløma før den spanske koloniseringa av Amerika. Desse kom frå ei gruppe chibchanske folk som nådde dagens Colombia mellom 400 og 300 f.Kr. Dei slo seg ned i låglandet ved den karibiske kysten og i høglandet ved Andesfjella. Medan folk ved kysten fisk og dreiv saltproduksjon, dyrka folk i høglandet bomull. Dei to gruppene dreiv handel med kvarandre langs steinsette vegar. Dei budde i talrike, velorganiserte byar. Mot slutten av det første tusenåret kom karibar frå dei karibiske øyane og fortrengde taironafolk frå låglandet.[3]

Kogifolk i dag endre

Kogifolk lever av jordbruk gjennom bråtebruk.[4] Kvar familie har gardar på ulike høgder i fjellet, og dyrkar ulike avlingar etter kva dei treng.[5] Dei held også kveg i høglandet.[6]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Fabre, Alain. Diccionario etnolingüístico y guía bibliográfica de los pueblos indígenas sudamericanos. 2005. s. 40. Web. Henta 9. sept. 2011.
  2. 2,0 2,1 "Kogi: Orientation." Countries and Their Cultures. (henta 23. mai 2020)
  3. The Pre-Columbian Era. Federal Research Division of the Library of Congress
  4. Ereira, Alan Arkivert 2011-09-27 ved Wayback Machine.. The Elder Brothers. 1992.
  5. "Agriculture: Theory, Practise & the Mámas Role," from "Tairona Culture." Tairona Heritage Trust. 2008. Web. Retrieved 9 Sept. 2011.
  6. "The Arhuaco". Survival International. 1969–2011. Web. Retrieved 9 September 2011.
Bibliografi

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kogifolk