Opna hovudmenyen
Kartskisse som syner utbreiingsområde for førkolumbiske kulturar. Tairona ligg lengst nord i landet
Tairona-figurar i gull frå Metropolitan Museum of Art, New York City
Foto: Rolf Müller
Tairona-steinarbeid ca. 1550 - 1600 e.Kr.
Skulptur i Santa Marta som avbildar taironaer
Tairona-anheng, no i Musée du Louvre.
Foto: Marie-Lan Nguyen

Tairona var ei gruppe av høvdingsete i regionen i og rundt Sierra Nevada de Santa Marta i dagens Magdalena, Cesar og La Guajira-departement i Colombia i Sør-Amerika. Sivilisasjonen går minst tilbake til det første hundreåret e.Kr., og hadde monaleg demografisk vekst rundt 1000-talet.

Tairona-folket danna den eine av dei to hovudspråkgruppene i den chibchanske språkfamilien, den andre er muisca. Genetiske og arkeologiske funn viser ein relativt tett utbreiing i regionen i det minste frå år 200 f.Kr. Pollendata samla inn i 1980 viser betydeleg avskoging og bruk av kulturplantar som maniok og mais sidan moglegvis 1200 f.Kr. Men busetting av den colombianske karibiske kysten av faste eller halvt bufaste folkegrupper er dokumentert å ha skjedd ca. år 4000 f.Kr. Etnohistoriske data viser at første kontakt med spanjolane vart tolerert av tairona, men innan 1600 e.Kr. hadde det bygd seg opp konfrontasjonar og ein liten del av taironapopulasjonen flytta opp til høgare område i Sierra Nevada de Santa Marta. Denne flukta tillét dei å unngå dei mest negative verknadene av det spanske kolonisystemet gjennom 1600 og 1700-talet. Urfolka kogui, wiwa, arhuacos og cancuamo som bur i området i dag, er trudd å vere direkte etterkommarar av tairona.

Opphavet til namnetEndra

Etymologiske likskapar av ordet 'tairona' overlever i dei fire viktigaste språkgruppene i Sierra Nevada de Santa Marta: i sanca er det uttalt 'teiruna', i kankuamo 'teijua' eller 'tairuna' og i ijka 'teruna', som tyder «menn» eller «søner av tigeren».

Jamvel om tairona kan vere eit unøyaktig namn for folk som levde i regionen då dei kom i kontakt med det spanske imperiet, har det vore det meste vanlege namnet for eit hierarkisk nettverk av landsbyar. Opphavleg vart det brukt til å referere til innbyggjarane i ein dal og sannsynlegvis eit høvdingsete med namnet Tairo på den nordlege skråninga av Sierra Nevada de Santa Marta. Men på 1500-talet tok spanjolane i bruk namnet for heile gruppa av komplekse høvdingsete i området. Karakteristiske skilnader mellom gruppene i nordlege og vestlege Sierra Nevada var stort sett umerkelege for spanjolane, og skilnadene vart òg utviska for arkeologar i meir moderne tid.

Geografisk lokaliseringEndra

Den arkeologiske sekvensen i regionen spenner frå ca. 200 f.Kr. til ut på 1600-talet då tairona vart tvangsintegrert i det spanske encomienda-systemet. Tilgjengelege radiokarbondateringar viser at dei kystnære områda vart busette kanskje så tidleg som frå 200 f.Kr., mykje tidlegare enn samfunn i dei høgareliggande område, inkludert nokon av dei største sentera på 1200 moh. Bukter og viker på den karibiske kysten, som Chengue, Nehuange, Gayraca, Cinto og Buritaca, der landsbyar har berre meir konvensjonell arkitektur, har vist seg å ha lengstvarande busettingar, samanhengande over 1800 år.

Kunnskapskjelder om førkolumbisk tairona-sivilisasjon er avgrensa til arkeologiske funn og skriftlege referansar frå den spanske kolonitida. Nokre av dei første skildringane av regionen vart skrivne av Pedro Marty Angheira og andre oppdagingsreisande som vitja området mellom 1505 og 1524, og vart publiserte i 1530. Angheira skildrar tairona-dalar som tett folkesette område med omfattande irrigert jordbruk på same måte som dei i Toscana. Mange landsbyar var tilpassa utnytting av fiske og dreiv handel med varer frå sjøen i bytte mot varer frå dei som budde i innlandet, for å dekke resten av behovet sitt. Angheira skildrar korleis dei aggressivt fråstøytte spanjolar då dei freista å ta kvinner og barn som slavar ved første kontakt. Som eit resultat av dette, ser det ut som at dei første kontaktane mellom tairona og europearar var svært valdelege, og spanjolane lei store tap, noko som resulterte i ein meir diplomatisk strategi frå den første guvernøren i Santa Marta Rodrigo de Bastidas.

ByarEndra

Ein av dei mest kjende tairona-landsbyane og arkeologiske stadar er Ciudad Perdida, den tapte byen. Bykjerna var ca. 13 hektar. Byen vart oppdaga av plyndrarar i 1975, men er no under omsut av Det colombianske institutt for antropologi og historie. Nyare demografiske studium tyder på at ca. 1500 til 2400 menneske budde i minst 11 700 kvadratmeter med overbygd plass i 184 runde hus bygd på toppen av steinlagde terrassar. Det er mange andre tettstader av same eller større storleik.

Eit større område er Pueblito, lokalisert nær kysten. Ifølgje forsking av Reichel-Dolmatoff, har han innehaldt minst 254 terrassar og hadde ein folkesetnad på ca. 3000 menneske. Regionale arkeologiske undersøkingar i området viser at sjølv større sentrale landsbyar eksisterte mot den vestlege skråninga av Sierra Nevada de Santa Marta, slik som Posiguieca og Ciudad Antigua.

Mindre landsbyar og grender var ein del av eit særs robust utvekslingsnettverk av spesialiserte samfunn, bundne saman med steinlagde stiar. Landsbyar spesialiserte på saltproduksjon og fiske, som Chengue i Parque tairona, er indisium på ein robust politisk økonomi i tairona basert på spesialiserte råvareproduksjon. Chengue inneheldt minst 100 terrassar og var busett av ca. 800 til 1000 menneske på 15 hektar ved år 1400. Tairona er kjent for å ha bygd plattformer av steinterrassar, hustuftar, trappar, kloakksystem, graver, og bruer. Utnytting av keramisk arbeid til utilitaristisk velferd og pryd eller seremonielle føremål vart òg høgt utvikla som eit resultat av ganske spesialiserte samfunn.

Kunst og handverkEndra

Keramiske kronologiar i tairona finst frå 200 f.Kr. til 1650 e.Kr., og den karibiske kysten av Colombia har eksempel på keramikk frå minst 2500 f.Kr.

Tairona-sivilisasjonen er mest kjent for karakteristisk gullarbeid. Det tidlegaste kjente arbeidet er skildra frå ca. 300-800 e.Kr. Gullgjenstandar består av anheng, leppepluggar, naseornament, halskjeder og øredobbar. Gullstøypte tairona-figuranheng, kjent som caciques, skil seg spesielt ut blant gullarbeid av førkolumbisk Amerika på grunn av detaljrikdomen. Figurane skildrar einskildmenneske, trudde vere adelsmenn eller høvdingar, i forseggjorde klede og med ei stor dyremaske over andletet. Mange element av kroppsholdning og klede signaliserer ei aggressiv haldning og nokon tolkar dei dermed som prov for krafta av beraren og for ein krigersk natur tairona-samfunnet på den tida.

Religiøse førestellingarEndra

På tida då europearane kom, hadde tairona andre tradisjonelle kulturelle praksisar enn det ein finn blant dagens indianarsivilisasjonar. Etnografiske kjelder trekk fram fridom til skilsmisse og aksept av homofili, som skilde seg vesentleg frå praksisen blant dei katolske erobrarane. Forskarar meiner at skildringane av homofili i tairona kan vere freistnad frå den katolske kyrkja på å avskaffe møtestader for menn, som var åstad for intens og varig religiøs aktivitet. Desse rituala er trudd å vere svært lik dei i kogui, dagens etterkommarar av tairona høvdingsete.

UndergangenEndra

I 1599 gjorde tairona opprør mot spanjolane, tilsynelatande fordi økonomisk og religiøst press frå inntrengjarane hadde blitt uuthaldeleg. Hovudaggresjonen førte til drap på prestar og reisande langs vegane som forbind den spanske byen Santa Marta og sentrumsstadene tairona. Sekundære mål var kyrkjer og hus til kjende byråkratar av koloniadministrasjonen. Men dette er informasjon frå spanske sida i rettssaka mot tairona-høvdingar i 1602. Leiarane for Chengue og Bonda vart dømde til døden, lekamane deira lemlesta, landsbyane deira brunne, populasjonane flytta og innlemma i Encomienda-system. På midten av 1600-talet vart mange tairona-samfunn heilt forlatne og regionen vart oppslukt av skogvekst. Kogui-folket er etterkommarar av tairona.

KjelderEndra

Referansar

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tairona