Kohler Range
Kohler Range er ei fjellkjede i Marie Byrd Land i Antarktis. Fjellkjeda er kring 65 km og står mellom Martin Peninsula og Smithbreen. Fjellkjeda består av to isdekte platå som strekkjer seg frå aust til vest og som er skilde av Kohlerbreen, ein sidebre nordover frå Smithbreen.
Kohler Range | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 75°05′S 114°15′W / 75.083°S 114.250°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Kohler Range 75°05′00″S 114°15′00″W / 75.083333333333°S 114.25°W | |||
Fjellkjeda vart oppdaga den 25. februar 1940 av kontreadmiral Richard Evelyn Byrd og andre medlemmar av USAS under ein flytur frå skipet «Bear». Byrd kalla fjellkjeda opp etter ein amerikansk fabrikant og guvernør i Wisconsin Walter J. Kohler, Jr., som var med på å finansiere ekspedisjonen og sjøflyet som oppdaginga vart gjort frå.
Kjelder
endre- Kohler Range Arkivert 2007-09-26 ved Wayback Machine. i Antarktis Gazetteer, Australian Antarktis Data Centre.