Kokhav Ya'ir
Kokhav Ya'ir-Tzur Yigal (hebraisk skrift כּוֹכַב יָאִיר-צוּר יִגְאָל, òg Kochav Yair-Tzur Yigal) er ein by (lokal kommune) i Sentral-Israel i Israel. Kokhav Ya'ir og nabobyen Tzur Yigal (hebraisk skrift צוּר יִגְאָל) vart slått saman i november 2003. Totalt var folketalet i 2008 på 11 050.[2]
Kokhav Ya'ir | |||
כּוֹכַב יָאִיר, Kochav Yair | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Kalla opp etter Abraham «Yair» Stern | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°13′41″N 35°00′02″E / 32.22806°N 35.00056°E | ||
Areal | 3,072 km² | ||
Folketal | 11 050 (2008) | ||
Folketettleik | 3 597 / km² | ||
Grunnlagd | 1986[1] | ||
Borgarmeister | Shimi Eliel | ||
Kokhav Ya'ir 32°13′41″N 35°00′02″E / 32.228055555556°N 35.000555555556°E | |||
Kart som viser Kokhav Ya'ir.
| |||
Wikimedia Commons: Kokhav Yair |
Historie
endreKochav Ya'ir vart grunnlagd i 1981 av 15 familiar som budde i midlertidige hus. To år seinare byrja arbeidet med infrastruktur for ein permanent by. I 1986 flytta 550 familiar til permanente hus og byen vart offisielt grunnlagd.[1] Tzur Yigal vart grunnlagd i 1991, og dei første familianr flytta inn permanente hus sommaren 1994.
Etymologi
endreKokhav Ya'ir (tyder «Ya'ir-stjerna») vart kalla opp etter Abraham Stern, som gjekk under namnet Ya'ir. Han grunnla og leia Lehi-gruppa, ei militant, jødisk undergrunnsgruppe under Palestinamandatet. Stern er òg tysk for «stjerne». Tzur Yigal (tyder «Yigal-berget») var kalla opp etter Yigal Cohen, som var medlem i Knesset.
Geografi
endreKochav Ya'ir ligg kring 7 km nord-nordaust for byen Kfar Saba. I området rundt ligg kibbutzen Eyal i sørvest, kring 2 km nordvest ligg den israelsk-arabiske byen Tira og kring 1 km mot sør ligg den palestinsk-styrte byen Qalqilyah. Kochav Yair ligg sentralt i Israel, innafor Den grøne linja sør på Sharonsletta. Kochav Ya'ir ligg 95 meter over havet. Utsiktspunktet Sapir i Kokhav Ya'ir trekkjer til seg fuglekikkarar som kjem for å sjå på dei mange trekkfuglane i området.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kokhav Ya'ir» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Kokhav Ya'ir Historie» (på hebraisk). Kokhav Ya'ir kommune website. Henta 21. august 2009.[daud lenkje]
- ↑ «Statistical population data» (PDF) (på hebraisk). Israel Ministry of Interior. January 2009. Arkivert frå originalen (PDF) 14. april 2010. Henta 6. juli 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Kochav Ya'ir's kommune Arkivert 2006-03-10 ved Wayback Machine. (hebraisk)
- Kochav Yair's synagoge (hebraisk)