Kolinda Grabar-Kitarović

Kolinda Grabar-Kitarović (fødd 29. april 1968) er ein kroatisk diplomat og politikar for HDZ. Den 15. februar 2015 vart ho innsett som president i Kroatia etter valsigeren 11. januar 2015.[1][2] Ho var den første kvinnelege presidenten i landet. I 2019 vart ho etterfølgd i presidentembetet av Zoran Milanović.

Kolinda Grabar-Kitarović
Kolinda Grabar-Kitarovićile (34771463620).jpg
Fødd29. april 1968 (54 år)
Rijeka
Statsborgar avKroatia
PartiDen kroatiske demokratiske union
Yrkediplomat, politikar
Utdanna vedFilosofisk fakultet ved Universitetet i Zagreb
Sveučilište u Zagrebu
George Washington University
Los Alamos High School
EktefelleJakov Kitarović
BarnKatarina Kitarović, Luka Kitarović
MedlemDen internasjonale olympiske komitéen

Frå 2005 til 2008 var ho kroatisk utanriksminister.

Liv og virkeEndra

Bakgrunn og utdanningEndra

Grabar-Kitarović vart fødd i Rijeka i dåverande Jugoslavia men voks opp på småstaden Lubarska ved småbyen Grobnik aust for Rijeka.[3]

Ho var utvekslingselev i USA og tok eksamen frå Los Alamos High School i Los Alamos i New Mexico.[4][5] Etter avslutta gymnasutdanning byrja ho å studera ved fakultetet for humaniora og samfunnsvitskap ved Universitetet i Zagreb der ho i 1993 tok eksamenar i engelsk og spansk. 1995–1996 gjennomgjekk ho diplomatutdanning ved Diplomatische Akademie Wien.[6] I 2000 tok ho mastergrad i internasjonal politikk ved Universitetet i Zagreb.

DiplomatEndra

Grabar-Kitarović starta karrieren sin som rådgjevar i avdelinga for internasjonalt samarbeid i Kroatias departement for vitskap og teknologi og vart sidan rådgivar i utanriksdepartementet.[7] I I 1995 vart ho leiar av Nord-Amerika-avdelinga i utanriksdepartementet.[8] Ho var mellom 1997 og 2000 diplomatisk rådgjevar ved den kroatiske ambassaden i Canada.[7]

I 2001 vart ho rådgjevar i utanriksdepartementet, ei stilling ho hadde til ho i 2003 vart vald til parlamentet i Kroatia som representant for Kroatias demokratiske union (HDZ).[9][10]

MinisterEndra

I regjeringa som vart danna i 2003 vart ho minister for europeisk integrasjon. I 2004 deltok ho i medlemsforhandlingane mellom Kroatia til EU.[4]

Ho vart i februar 2005 utnemnd som kroatisk utanriksminister, i det ho etterfølgde Miomir Žužul.[7] Grabar-Kitarović var utanriksminister til 2011 då ho overtok som visegeneralsekretær i NATO.

PresidentEndra

Ved presidentvalet 2014/15 fekk Grabar-Kitarović 37,2 % av stemmene i første valomgang og hamna bak sitjande president Ivo Josipović med 38,5 %, men framfor Ivan Vilibor Sinčić med 16,4 %.[11] I andre valomgang 11. januar 2015 fekk ho 50,7 % av stemmene og vann dermed valet. Ho vart teken i eid som statsoverhovud 15. februar 2015.

Grabar-Kitarovic deltok ved presidentvalet i Kroatia 2019/20, og gjekk vidare til andre valomgang, med nest størst oppslutning etter Zoran Milanovic.[12]

PrivatlivEndra

Grabar-Kitarović er gift med Jakov Kitarović og para har to barn. Ho snakkar engelsk, spansk og portugisisk flytande.[7]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Kolinda Grabar-Kitarović