Kolkabreen
Kolkabreen er ein isbre i Nord-Ossetia i Russland, nær Kazbek. Breen er kjend for bresurge-hendingane, og den siste og mest alvorlege skjedde 20. september 2002 då minst 125 menneske omkom.[1]
Kolkabreen | |||
isbre | |||
Kolkabreen i 2001
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Nord-Ossetia | ||
Type | Dalbre | ||
Areal | 2,47 km² Inkludert hengande delar: 3,74 km² | ||
Toppunkt | 3130 moh | ||
Endepunkt | Morene | ||
Status | Veksande | ||
![]() Kolkabreen | |||
Wikimedia Commons: Kolka Glacier | |||
Det er fleire isbrear i nedbørsområdet til elva Genaldon. Den største er Maili på om lag 6,8 km². Kolkabreen, ved sida av Maili, er ein dalbre med nokre hengande delar. Kolka veks ved hjelp av snøras og firn som kollapsar og is året rundt. Breen strekkjer seg frå 3000 til 3450 meter over havet. Meir enn to tredjedelar av isavsmeltingssonen er dekt av eit morenelag opp til ein meter tjukt. Dette og andre trekk, som ei forholdsvis slak helling, ein djup dalbotn og sidemorener, hindrar brestraumen og tvingar han i ein skarp sving, som gjer at det lett samlar seg opp smeltevatn under breen.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Kolka Glacier» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Collapse of the Kolka glacier». NASA Earth Observatory. Henta 5. november 2008.
Bakgrunnsstoff endre
- Breen sett frå verdsrommet Arkivert 2006-10-05 ved Wayback Machine.