Kazbek (georgisk მყინვარწვერი, transkribert som Mqinvartsveri) er ein vulkan og eit av dei største fjella i Kaukasus. Det ligg på grensa mellom Georgia og Russland, og ruver over byen Kazbegi nær grensa til Nord-Ossetia. Det er det tredje høgaste fjellet i Georgia (etter Sjkhara og Janga) og det sjuande høgaste i Kaukausfjella, med ei høgd på 5 047 meter over havet. Georgiarar kallar fjellet Mqinvari som tyder «isbre» eller «Isfjell».

Kazbek
vulkan
Land  Georgia,  Russland
Vulkantype Stratovulkan (sovande)
Fjellkjede Store Kaukasus
Høgd 5 047 moh.
Siste utbrot om lag 750 fvt.
Lettast tilkomst Klatring på is og snø
Førstestiging 1868 - Freshfield, Moore,
Tucker
Koordinatar 42°42′N 44°31′E / 42.700°N 44.517°E / 42.700; 44.517
Kart
Kazbek
42°41′49″N 44°31′08″E / 42.696944444444°N 44.518888888889°E / 42.696944444444; 44.518888888889
Wikimedia Commons: Kazbek

Kazbek ligg i fjellkjeda Khokh, ei fjellkjede som går nord for Store Kaukasus med mange gjel frå elvene Ardon og Terek. Sjølve fjellet ligg i forkastinga Borjomi-Kazbegi (som er den nordlege delen av Anatolia-forkastinga). Området har stor jordskorpeaktivitet med regelmessige små jordskjelv. Eit aktivt system med varmekjelder ligg òg omkring fjellet. Kazbek er ein sovande vulkan, bygd opp av trakytt og kledd med lava. Han har form som ei dobbel kjegle der foten ligg i ei høgd på 1 770 meter. Kazbek er det høgaste av dei vulkanske kjeglene i vulkangruppa rundt Kazbegi, som òg omfattar Khabarjina (3 142 meter).

Postkort frå 1800-talet av ein veg nær Kazbek

På grunn av dei bratte sidene på Kazbek, er ikkje isbreane her særleg store. Det totale arealet til alle isbreane på Kazbek er 135 km². I 2002 kollapsa Kolkabreen på grunn av vulkansk svovelaktivitet på nordsida av fjellet. Det var derimot ingen utbrot. Den mest kjende isbreen er Djevdorak, som kryp ned på nordaustsida og inn i eit gjel med same namn, og når ned til ei høgd på 2 295 meter. På austsida går den georgiske militærvegen gjennom Darialgjelet i ei høgd på 2 378 meter.

Toppen vart først klatra i 1868 av D.W. Freshfield, A.W. Moore og C. Tucker i lag med ein sveitsisk guide.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre