Komi-Permjakia[a] var eit sjølvstyrt område i Russland, eit av dei 89 føderale subjekta i Russland inntil 1. desember 2005. Hovudstaden var Kudymkar, arealet 32 770 km² med 136 000 innbyggjarar (2002). Området ligg ved Uralfjella og dei øvre delane av elva Kama. Det vart oppretta 26. februar 1925.

Komi-Permjakia
Коми-Пермяцкий автономный округ
Коми-Пермяцкöй Aвтономнöй Округ
sjølvstyrt område
Flagg
Symbol
Land  Russland
Del av Den volgiske føderasjonskrets
Hovudstad Kudymkar
Areal 32 770 km²
Folketal 132 824 (2005)
Språk russisk, komipermjakisk
Tidssone UTC +5
Bilnummer 81
Kart
Komi-Permjakia
59°01′00″N 54°40′00″E / 59.016666666667°N 54.666666666667°E / 59.016666666667; 54.666666666667
Komi-Permjakia på kartet over Russland.
Komi-Permjakia på kartet over Russland.
Komi-Permjakia på kartet over Russland.
Wikimedia Commons: Komi-Permyak National Okrug
Kart over Komi-Permjakia.

Den største folkegruppa er den finsk-ugriske folkegruppa komi-permjakar (60,2 %). 36,1 % er russarar.

Som resultat av ei folkeavrøysting i 2004 vart Komi-Permjakia den 1.desember 2005 slått saman med Perm oblast til Perm kraj. Det nye området har hovudstad i Perm.

Merknader

endre
  1. Russisk Коми-Пермяцкий автономный округ Komi-Permjatskij avtonomnyj okrug, Komipermjakisk Коми-Пермяцкöй Aвтономнöй Округ Komi-Permjatsköj avtonomnöj Okrug

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Komi-Permjakia