Kongedømet Navarra

(Omdirigert frå Kongedømet Pamplona)

Kongedømet Navarra (spansk Reino de Navarra, baskisk Nafarroako Erresuma, fransk Royaume de Navarre), opphavleg Kongedømet Pamplona, var eit europeisk kongedøme som låg på begge sider av Pyreneane langs Atlanterhavet.

Reino de Navarra
Nafarroako Erresuma
Kongedømet Navarra

824–1620
 

Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Navarra
Plasseringa til Navarra
Kongedømet Navarra i 1400 (mørkt grøn).
Hovudstad Pamplona
Språk baskisk, spansk
Religion Kristendom (Romersk-katolsk)
Styreform Monarki
Historisk periode Mellomalderen
 - Opprør mot Frankarriket 824
 - Nameendring frå Pamplona til Navarra 1004
 - Sørlege halvdel vart annektert av Spania 1522
 - Personalunion med Frankrike under Henrik III/IV 1589
 - Nordlege halvdel vart ein del av Frankrike 1620

Kongedømet Navarra vart danna då den lokale baskiske leiaren Íñigo Arista vart vald eller utropt til konge i Pamplona (tradisjonelt i 824) og førte eit opprør mot det regionale frankiske styret.

Den sørlege delen av kongedømet vart ein del av kongemakta Castilla i 1513, og kom slik inn i det samle kongedømet Spania. Den nordlege delen av kongedømet vart verande sjølvstendig, men vart ein del av Frankrike gjennom ein personalunion i 1589, då kong Henrik III av Navarra arva den franske trona som Henrik IV av Frankrike, og i 1620 vart kongedømet slått saman med Kongedømet Frankrike.

Kjelder

endre
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.