Kongesjaluppen «Stjernen»

Kongesjaluppen «Stjernen» er det minste norske dampskipet som framleis eksisterer.

Kongesjaluppen «Stjernen»
PICT1990 Stjernen av 1899.JPG
Karriere
Namn: Kongesjaluppen «Stjernen»
Ferdigbygd: 1899

Kongesjaluppen «Stjernen» vart bygd av Akers mekaniske verksted på oppdrag av Oskar II av Noreg og Sverige i 1899. Frå 1905 og fram til den fyrste verdskrigen vart ho brukt av Haakon VII av Noreg. I mellomkrigstida vart ho brukt om sommaren til ulike oppgåver, mellom anna som turbåt i Oslofjorden. Etter at tyske offiserar hadde nytta båten under den andre verdskrigen vart ho kassert på grunn av dårleg forfatning og seld. Ho vart transportert til Mjøsa og ombygd til fraktebåt.

Sjaluppen vart seinare gjenoppdaga ved Mjøsa, den var i ein svært dårleg forfatning. Ved hjelp av gåver og av dugnadar organisert av foreininga Marinemuseets Matroser vart ho sett i stand igjen, så mykje som mogleg av den opphavlege substansen til båten vart bevart. 21. mars 2000 vart ho sjøsett igjen.

I 1996 vart «Stjernen» erklært verneverdig av riksantikvaren.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra