Kongshavn i Oslo er namnet på både eit særeige natur- og kulturområde innunder Ekebergskråninga og eit tidlegare bustadområde ved sjøen i bydel Gamle Oslo, og hamneområdet Konghavnkaia - Sydhavna, som ligg i bydel Nordstrand. Kongshavn grensar til Grønlia i Bjørvika i nord, og mot Sjursøya og Bekkelaget i sør. For å betre tilkomsten til Sydhavna i Kongshavn, som er utbygd for lasting og lossing av konteinerskip, vart bygningane i Kongshavn fjerna i 2013 for å byggje veg til hamna. Hamnevegen på strekninga frå utløpet av elva Alna til Ormsundveien fekk i 2010 namnet Kongshavnveien.

Kongshavn-Sjursøya

Soga om Kongshavn endre

Kong Håkon Håkonsson gjorde seg nytte av den naturlige hamna i Kongshavn i 1240, og Christian II la si krigsflåte i Kongshavn då han kringsette Akershus festning.[1] Men det er ikkje kjend om det var ei permanent hamn i området i mellomalderen. Før Mosseveien sørover frå Gamlebyen var bygd om lag 1850 var det ikkje mogleg å take inn i byen langsetter stranda; ein måtte leggje vegen opp i skråninga der dagens Karlsborgveien går opp, og deretter ned til byen.

Kongshavnområdet var ein lut av garden Jomfrubråten fram til det vart skilt ut i 1747. I åra frå om lag 1750 til 1830-åra var Kongshavn eit vertshus som vart vitja av mange. På midten av 1800-talet vart eigedomen stykka opp i fleire eigedomar. Det er ukjent kor gamal bygningane på desse eigedomane har vore, men det er truleg at det eldste var frå 1700-talet.

Fotnotar endre

  1. Svein Solhjell: «Kongshavn - slutt på en lang historie?», Fremtid for fortiden (medlemsblad for Oslo og Akershus avdeling av Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring), 3/4 - 2010, sidene 20-21