Konrad Halmøy

norsk politikar

Konrad Justin Kaspersen Halmøy (28. desember 187016. mai 1957) frå Flatanger i Nord-Trøndelag, var ein norsk lærar, bonde og lokalpolitikar som representerte partiet Venstre.

Konrad Halmøy
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. desember 1870
Flatanger
Død

16. mai 1957 (86 år)

Yrke politikar, lærar, bonde
Verv Ordførar i Hamarøy
Periode 1920–1931
Politisk parti Venstre

Halmøy var lærar i Hamarøy frå fyrste halvdelen av 1890-åra. Folketeljinga 1900 viser [1] at han budde på garden Ulfsvåg, og ved sidan av å vere lærar i folkeskulen også dreiv med «Træarbeide». Ti år seinare budde han på garden Solbakk, og dreiv dette bruket, ved sidan av hovudyrket som lærar.[2]

Halmøy var medlem av Hamarøy sitt heradstyre frå 1902 til 1904 og frå 1911 fram til han blei vald til ordførar i 1920, eit verv han hadde i dei fire periodane fram til 1931.

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 14. oktober 2012 
  2. http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036927002450