Konrad av Bayern

Konrad av Bayern (ca. 110517. mars 1154) var ein cisterciensarmunk som var son av hertug Henrik den svarte av Bayern. Domkyrkja i Molfetta i Bari er vigd han. Han er vernehelgen for Molfetta, sjølv om han teknisk sett berre er saligkåra og ikkje utropt til helgen av den katolske kyrkja.

Konrad av Bayern
Saint-Conrad Cathédrale de Molfetta.jpg
Fødd1105
FødestadRavensburg
Daud17. mars 1154
DødsstadModugno
Yrkemunk
Helgendag9. februar

Konrad var fødd på Ravensburg rundt 1105. Han studerte teologi i Köln under erkebiskopen der, ein slektning. Meininga var at han skulle ettefølgja erkebispen i embetet, men i 1147 blei han inspirert av Bernhard av Clairvaux, som vitja byen, til å bli munk i staden. Han avla munkeløfte som cisterciensear til Bernhard i Clairvaux. I 1151 gav Bernhard han løyve til å dra til Det heilage landet for å bu som eremitt.[1]

I 1153 vende Konrad tilbake til Europa då han høyrde at Bernhard var blitt sjuk. Medan han var i Bari fekk han vita at Bernhard hadde døydd. Han vitja grava til den heilage Nikolas i Bari, og slo seg så ned som einebuar i ei hole i Modugno ved Molfetta. Han budde her til han døydde den 17. mars 1154 eller 1155.[1]

Konrad blei gravlagd i domkyrkja i Molfetta. Her oppstod det ein lokal kultus kring han, og kyrkja blei etterkvart vigd til han som San Corrado. Han blei saligkåra 7. april 1832 av pave Gregor XVI.[2][1] Den offisielle minnedagen hans er 15. februar, men han blir også minna 14. februar, 9. februar og på dødsdagen 17. mars. Molfetta har også ei translasjonsfeiring den 10. juli.

KjelderEndra