Konstandinos Gatsioudis

Konstandinos Gatsioudis (fødd 17. desember 1973) er ein gresk tidlegare friidrettsutøvar frå Didymótikho som sikra seg medalje i spjutkasting i tre etterfylgjande verdsmeisterskap: 1997, 1999, 2001.

Konstandinos Gatsioudis


Fødenamn Κωνσταντίνος Γκατσιούδης
Statsborgarskap Hellas
Fødd 17. desember 1973 (50 år)
Didymótikho
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Gatsioudis sette personleg rekord med eit kast på 87,12 meter i kvalifiseringa til OL-finalen i Atlanta. Han klarte ikkje å fylgje opp og enda på 10. plass i finalen. Sommaren 1997 forbetra han sitt personbeste til 89,22 m. I VM 1997 kasta han 86,64 m og kneip bronsemedaljen. To år seinare slo han til med 89,18 m i fyrste finaleomgang under VM-finalen i Sevilla. Han leia tevlinga til finske Aki Parviainen i femte omgang kasta 89,52 m og vart verdsmeister. Gatsioudis fekk sølv, halvannen meter framom bronsevinnaren Jan Železný.

OL-sesongen 2000 presterte Gatsioudis livsbeste då han den 24. juni med 91,69 meter vann eit stemne i finske Kuortane, årbeste i verda. I OL-finalen i Sydney sleit han med eit vondt kne og måtte nøye seg med 86,53 m og sjetteplass. Sommaren 2001 viste Gatsioudis klasse i fleire stemne, med 91,27 m som lengst. Under verdsmeisterskapen i Edmonton kasta han 89,95 m og fekk bronsen, Parviainen tok sølvet og Železný vann gullet. I 2002 nådde Gatsioudis 91,23 m, men var så hemma av skade at han ikkje deltok i europameisterskapen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre