Eit koralpreludium er i musikk ein kort liturgisk komposisjon for orgel med ein koralmelodi som grunnlag. Det var ein dominerande stil i tysk barokkmusikk og nådde eit høgdepunkt med verka til J.S. Bach, som skreiv 46 (samt ein uferdig) i hans Orgelbüchlein.[1]

Funksjon endre

Den liturgiske funksjonen til eit koralpreludium i barokken er omdiskutert. Ein mogelegheit er at dei vart nytta til å introdusere salmen som skulle til å syngjast, vanlegvis i ei protestantisk og opphavleg i ei luthersk kyrkje.

Stil endre

Sjølv om verka vanlegvis var polyfone, var melodien enkel å få med seg. Det var stundom ei obbligato-linje over eller under melodien. Som ein sjølvstendig sjanger starta koralpreludia med verka til Dieterich Buxtehude, og 48 av desse finst i dag i New Grove II. Fleire døme finst òg frå 1800- og 1900-talet, mellom anna av Johannes Brahms og Max Reger.

Form endre

Dei fleste koralpreludia har eit tema og ein variasjon med ein «lang A» der stemmene går attende, vender om og imiterer medan dei følgjer den opphavlege generalbassen.

Kjelder endre

  1. Grout, Donald J. & Claude V. Palisca, A History of the Western Music 7th edition, Norton, London, 2006. ISBN 9780393975277