Opna hovudmenyen
Korintkanalen

Korintkanalen er ein kanal mellom Korintbukta og Saroniabukta i Egearhavet, gjennom det smale Korinteidet som knyter halvøya Peloponnes til resten av Hellas. Kanalen er 6,3 km lang. Han vart bygd mellom 1881 og 1893, og teken i bruk 25. juli 1893.

HistorieEndra

 
Restane av kanalprosjektet til Nero, kartlagd i 1881

Fleire av herskarane i antikken drøymde om å byggja ein kanal gjennom Korinteidet. Den første som foreslo eit slikt prosjekt var tyrannen Periander på 600-talet f.Kr.[1] Han gav opp prosjektet, truleg på grunn av tekniske vanskar, og bygde i staden ein enklare og mindre kostbar dragveg for båtar, kalla Diolkos.[2][3][4][5][6] Etter ein annan teori frykta Periander at ein kanal gjennom eidet ville ta frå Korint rolla som eit dominerande handelssenter.[7] Restane av dragvegen Diolkos finst framleis ved sida av dagens kanal.[8][9][10]

Diadoken Demetrios I av Makedonia (336–283 f.kr.) planla å byggje ein kanal for å betre kommunikasjonslinjene sine, men gjekk frå planen i frykt for at kanalen ville føre til flaum, for landmålaren hans hadde feilberekna havnivået i bukta på kvar side.[11][7]

Historikaren Sveton fortel at den romerske diktatoren Julius Cæsar (48 til 44 f.kr.) foreslo ein kanal gjennom eidet som eit av dei mange storslegne byggeprosjekta sine,[12] men vart myrda før han fekk fullført planane.

Den romerske keisaren Nero (54–68 e.kr.) kom så langt som å starta på gravearbeidet. Han stod sjølv for det første slaget med hakka, og fjerna sjølv den første korga med jord.[13] Den romerske arbeidsstyrken på 6 000 jødiske krigsfangar[14] byrja å grava 40–50 meter breie grøftar frå kvar side, medan ei tredje gruppe i midten bora djupe sjakter for å testa kvaltieten på berggrunnen (sjaktene vart gjenbrukt i 1881 til same formålet). Men prosjektet vart gjeve opp då keisaren døydde like etter. Fordi dagens kanal følgjer same trasé som Neros, finst det få eller ingen restar av den kanalen han sette i gang å byggje.[15]

Nyare tidEndra

I nyare tid starta forsøka på å byggja ein kanal på 1870-talet, etter opninga av Suezkanalen. Eit fransk selskap fekk oppdraget med å byggja den, men på grunn av finansielle vanskar stoppa selskapet arbeidde etter at berre dei to endene var utgrave. I 1881 vart endeleg dei to ungarske arkitektane István Türr og Béla Gerster, som òg hadde vore involvert i dei tidlege kartleggingsarbeidene for Panamakanalen, hyra for å planleggja ein ny kanal. Eit gresk selskap leia av Andreas Syngros tok til slutt over prosjektet, og fullførte det i 1893.

KanalenEndra

Korintkanalen er rekna som ei stor teknologisk bragd for si tid. Han sparar mindre skip for den 400 kilometer lange reisa rundt Peloponnes, men sidan han berre er 21 meter brei, er han for smal for dagens frakteskip. Kanalen vert i dag hovudsakleg brukt av turistskip, og 11 000 skip passerer gjennom han kvart år. Kanalen er åtte meter djup ved lågvatn.

 
Ei senkebru over kanalen.

Ved kvar ende av kanalen vert han kryssa av vegar på bruer som vert senka til botnen av kanalen for at båtar kan passera over.

Kanalen vart bygd gjennom fjell med store forkastingar i ei aktiv seismisk sone.[16] Mellom 1893 og 1940 var han stengt i i alt fire år for vedlikehald, og for å stabilisere sideveggane. I 1923 fall 41 000 masse ned i kanalen, som det tok to år å renske opp.[17]

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på Korintkanalen frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 2. juni 2018

ReferansarEndra

  1. Diogenes Laertius, "Life of Periander", 6 Arkivert 22. juli 2011 på Wayback Machine.
  2. Verdelis, Nikolaos: "Le diolkos de L'Isthme", Bulletin de Correspondance Hellénique, Vol. 81 (1957), pp. 526-529 (526)
  3. Cook, R. M.: "Archaic Greek Trade: Three Conjectures 1. The Diolkos", The Journal of Hellenic Studies, Vol. 99 (1979), pp. 152-155 (152)
  4. Drijvers, J.W.: "Strabo VIII 2,1 (C335): Porthmeia and the Diolkos", Mnemosyne, Vol. 45 (1992), pp. 75-76 (75)
  5. Raepsaet, G. & Tolley, M.: "Le Diolkos de l’Isthme à Corinthe: son tracé, son fonctionnement", Bulletin de Correspondance Hellénique, Vol. 117 (1993), pp. 233–261 (256)
  6. Lewis, M. J. T., "Railways in the Greek and Roman world" Arkivert 5. februar 2009 på Wayback Machine., in Guy, A. / Rees, J. (eds), Early Railways. A Selection of Papers from the First International Early Railways Conference (2001), pp. 8-19 (11)
  7. 7,0 7,1 Werner, Walter: "The largest ship trackway in ancient times: the Diolkos of the Isthmus of Corinth, Greece, and early attempts to build a canal", The International Journal of Nautical Archaeology, Vol. 26, No. 2 (1997), pp. 98–119 (114)
  8. Verdelis, Nikolaos: "Le diolkos de L'Isthme", Bulletin de Correspondance Hellénique (1957, 1958, 1960, 1961, 1963)
  9. Raepsaet, G. & Tolley, M.: "Le Diolkos de l’Isthme à Corinthe: son tracé, son fonctionnement", Bulletin de Correspondance Hellénique, Vol. 117 (1993), pp. 233–261
  10. Werner, Walter: "The largest ship trackway in ancient times: the Diolkos of the Isthmus of Corinth, Greece, and early attempts to build a canal", The International Journal of Nautical Archaeology, Vol. 26, No. 2 (1997), s. 98–119
  11. Gerster, Bela, "L'Isthme de Corinthe: tentatives de percement dans l'antiquité", Bulletin de correspondance hellénique (1884), Vol. 8, No. 1, pp. 225-232 (227f.)
  12. Sveton "Lives of the Caesars: Julius Caesar", 44.3
  13. Sveton, "Lives of the Caesars: Nero", 19.2
  14. Gerster, Bela, "L'Isthme de Corinthe: tentatives de percement dans l'antiquité", Bulletin de correspondance hellénique (1884), Vol. 8, No. 1, pp. 225-232 (228 & 232)
  15. Werner, Walter: "The largest ship trackway in ancient times: the Diolkos of the Isthmus of Corinth, Greece, and early attempts to build a canal", The International Journal of Nautical Archaeology, Vol. 26, No. 2 (1997), pp. 98–119 (115f.)
  16. Geology and Ancient Culture Along the Corinth Canal Arkivert 17. januar 2008 på Wayback Machine.
  17. Corinth Canal History: 1923 A.C. – Nowadays Arkivert 17. november 2007 på Wayback Machine.


BakgrunnsstoffEndra

Litteratur
  • Gerster, Bela, «L'Isthme de Corinthe: tentatives de percement dans l'antiquité», Bulletin de correspondance hellénique (1884), vol. 8, no. 1, s. 225-232
  • Werner, Walter: «The largest ship trackway in ancient times: the Diolkos of the Isthmus of Corinth, Greece, and early attempts to build a canal», The International Journal of Nautical Archaeology, vol. 26, no. 2 (1997), s. 98–119
Nettstader
  Commons har multimedia som gjeld: Korintkanalen