Frukostblanding

(Omdirigert frå Kornblanding)

Frukostblanding eller kornblanding er ei tørr blanding laga av korn og eventuelt bitar av frukt, nøtter, sjokolade og liknande som ein kan eta med mjølk eller yoghurt og eventuelt også frisk frukt eller bær til.[1] Kornet kan vera gryn, rista eller puffa. Kornblandingar kan vera laga av heile korn, korndelar eller forma deig. Dei blir ofte brukte til frukost.

Ulike frukostblandingar på eit hotell.

Kornblanding er ei amerikansk oppfinning som skil seg frå tradisjonell graut og velling ved at ein kan eta retten kald, utan å koka han først. Retten er knytt til helsekostrørsla seint på 1800, då folk oppsøkte sanatorium med ulike helseproblem som ofte blei knytte til fordøying. Kornblandingar skulle bøta mot den tidlegare proteinrike dietten deira. Seinare blei dei eit utbreidd kommersielt produkt som var lett å lagra og laga til.[2] Utviklinga av kornblandinga er også knytt til endringar i jordbruks- og mølleteknologi og industrialiseringa i matproduksjonen.[3]

Kornblandingar er vanlegvis fabrikkfremstilte og pakka klar til servering, men ein kan også setja saman sine eigne blandingar.[1] Dei kan bestå av ulike kornslag som mais, ris eller kveite, tørka frukt, nøtter og søtemiddel i form av sukker eller honning. Andre tilsettingsstoff kan vera sjokolade og matfarge. Nokre produkt er også tilsette vitamin. Marknadsføringa legg ofte vekt på helsefordelar, vektkontroll og til dømes fiberinnhald i blandingane. Mange frukostblandingar har svært høgt sukkerinnhald og gjev sterk blodsukkerstiging etter inntak.

Vanlege frukostblandingar er müsli og ulike typar cornflakes.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Oppskrift: Kornblanding», Opplysningskontoret for brød og korn (på norsk bokmål), henta 2. august 2021 
  2. Santlofer, Joy (2012). «Cereal, Cold» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-973496-2. doi:10.1093/acref/9780199734962.001.0001/acref-9780199734962-e-0145. 
  3. Smith-Drelich, Hannah (23. juli 2015). «breakfast cereal» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-931339-6. doi:10.1093/acref/9780199313396.001.0001/acref-9780199313396-e-59.