Velling (av norrønt vellingr) er ein tynn graut eller tjukk suppe av gryn eller mjøl.[1][2] Ein kan laga velling med vatn, mjølk eller ei liknande væske, og ulike typar korn, som bygg, havre, hirse, kveite, mais og ris, eller andre planteprodukt, som eikenøtter, kastanjar, sago[3] og potet.[4]

Risvelling (congee).

Oversyn endre

Graut og velling er og har vore ein utbreidd type kvardagskost. Dei gamle grekarane og dei romerske plebeiarane kunne ha det som basiskost med olje, grønsaker og salt fisk til.[5] I eldre norsk kosthald kunne ein eta velling tre-fire gongar dagleg.[6] Ein kunne til dømes eta velling med sild eller flesk.[7]

I risdyrkande område er risvelling eller rissuppe utbreidd, og finst i ei rekkje variantar. Dei blir ofte kalla congee, eit ord avleidd frå tamil. På mandarin heiter retten zhōu og på kantonesisk jūk. Lokalt kan ein også laga desse rettane med andre kornslag. Risvelling er utbreidd som frukostrett.[8]

I tradisjonelt maisdyrkande område kan ein laga velling av masa, eller maisdeig. Denne retten er kjend som atole og kan serverast varm eller kald.[9]

Variantar endre

I norsk mattradisjon har ein laga mange typar velling med meieriprodukt, som myse, saup og surprim.[6] Klotvelling, kleppvelling, kromvelling eller kleppsuppe er kokt på mjølk og har deigklumpar i.[10]

Galleri endre

Velling i kulturen endre

Velling er ein typisk fattigmannskost som også ofte blir rekna som god for helsa og fordøyinga. Hippokrates rosa byggvelling som sunnare enn brød.[11] Ifølgje buddhistisk tradisjon skal Buddha ha anbefalt risvelling som god for kroppen og mot svolt og tørste og i Yāgu Sutta.[12][13]

I engelskspråkleg kultur er velling – gruel – særleg kjend frå Charles Dickens sine skildringar frå Oliver Twist (1838), der arbeidshuset der ein huser fattige og foreldrelause har «ein utømeleg tilgang på vatn» og «små mengder havremjøl.»[a] Når Oliver ber om litt meir, blir han straffa.

Merknadar endre

  1. "an unlimited supply of water" and "small quantities of oatmeal".[14]

Kjelder endre

  1. «velling» i Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
  2. «Velling» i Norsk Ordbok
  3. «sagovelling» i Norsk Ordbok
  4. «potetvelling» i Norsk Ordbok
  5. Toussaint-Samat 2009, s. 93.
  6. 6,0 6,1 «Grøt» i Store norske leksikon, snl.no.
  7. «velling - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 18. juni 2019 
  8. Kraig, B.; Sen, C.T. (2013). Street Food Around the World: An Encyclopedia of Food and Culture. ABC-CLIO. s. 185. ISBN 978-1-59884-955-4. Henta 18. juni 2019. 
  9. ANGEL NUÑEZ. «Mushulá & Atole de Maiz». Henta 18. juni 2019. 
  10. «Klotvelling», Norsk tradisjonsmat (på norsk bokmål), 30. august 2017, henta 18. juni 2019 
  11. «Sommerens bøker - fra Hippokrates til dr. Mercola», marksets (på engelsk), henta 18. juni 2019 
  12. «Yagu Sutta (AN 5.207)», www.buddha-vacana.org, henta 18. juni 2019 
  13. «5:21 Kimbilavaggo - English», vimuttimag.ga, arkivert frå originalen 19. januar 2020, henta 18. juni 2019 
  14. Oliver Twist, chapter 2.
  • Toussaint-Samat, Maguelonne (2009). The History of Food. Sett om av Anthea Bell.