Kosmos er eit gresk ord (κόσμος), som betyr verdsalt eller univers. Eigentleg tyder ordet «orden». Det var fordi ein såg at stjernehimmelen og jorda var ordna etter eit system, kor ein observerte at stjernene flytta seg heilt jamt og regelmessig over himmelkvelvinga. Likeins såg ein sola og månen som stod opp og gjekk ned etter helt regelmessige tider, slik at rørsla deira vart bruka som grunnlag for tidsrekninga og kalenderen.

For grekarane var det motsette av kosmos, kaos, som tydde «uorden». Kosmos og kaos blei då sett på som dei to store prinsipp og motsetningar i verdsordninga. Kaos skulle då i følgje mytologien ha vore det første element i tilværet. Men så greip gudane inn og ordna mørke og uorden i kaoset, og slik oppstod kosmos, eller verdsordenen, som eit velordna system skapt av gudane.

Kjelder endre