Opna hovudmenyen

Kråkenes fyr ligg lengst nordvest på øya Vågsøy i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke. Fyret vart oppretta i 1906, og vart automatisert i 1986. Kråkenes fyr er eitt av dei viktigaste turistmåla på Vågsøy.

Kråkenes fyrstasjon
Kråkenes2.JPG
Kråkenes fyr sett frå haugen der vindmålaren står
FylkeSogn og Fjordane
KommuneVågsøy
FunksjonLeifyr, tidlegare fiskefyr
Oppretta1906
Koordinatar62°02.0846′N 4°59.1384′EKoordinatar: 62°02.0846′N 4°59.1384′E
Fyrtårn
Høgd10,5
FormFyrbygning med tårn
Fyrlys
LyskarakterOkkulterande glimt kvart 6. sekund
Lyshøgd45,2 moh
Lysvidde12,8 nm
Status
EigarStaten ved Kystverket
Automatisert1986
Avfolka1991
Kråkenes fyrstasjon is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Kråkenes fyrstasjon

Innhaldsliste

HistorieEndra

Fyret vart bygd i 1906 og lykta vart tent første gong i oktober dette året, etter at det i 1904 var løyvde 42 000 kroner til å byggje ein fyrstasjon her. I 1911 vart det bygd bustad for fyrassistenten på fyret.

Bombeåtak under andre verdskrigen i 1945 førte til at fyret brann ned, men eit nytt bygg stod ferdig i 1950. Fyret vart elektrifisert i 1961.

Den siste fyrvaktaren flytta frå stasjonen i 1982, men fyret vart først automatisert i 1986. I 1994 vart fyret restaurert av private leigetakarar og i 1997 vart det opna kafé i fyret med høve for overnatting og ein brudesuite.

KlimaEndra

 
Kråkenes fyr i sterk vind.

Området er særs vêrhardt og vêrstasjonen som ligg her er den som oftast måler storm og orkan i landet. Frå 1982 og fram til i dag er det registrert om lag 150 tilfelle med vind opp i orkan styrke her. Dei høgaste vindkasta er målt til over 60 m/s (215 km/t). Dei mest utsette vindauga i fyret er forsterka med pleksiglas for at bølgjene ikkje skal slå dei inn. Bølgjene klatrar oppover klippene og kan nå ei høgd på 60 meter. Det harde vêret krev mykje vedlikehald av fyret og dette har gjort at målingsprodusenten Jotun testar måling her. Sørveggen på fyrbygningen er vorte kalla den mest vêrharde husveggen i heile landet.

Målaren til fyret står på ein haug oppfor sjølve fyret, og ligg særs utsett til for vind. Vêrstasjonen har vore i drift sidan januar 1926, men vart flytta opp på haugen ovanfor fyret i oktober 1991. Stasjonen ligg i dag 75 meter over havet.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 2,8 2,6 3,2 4,7 8,2 10,8 12,6 13,0 11,1 9,0 5,5 3,8 3,8
Nedbør (mm) 117 84 90 62 55 61 84 110 162 164 153 138 1280

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra