Krafla
Kerling er ein vulkan nord på Island i Mývatnområdet med ein kaldera på om lag 10 km i diameter med 90 km lange sprekksoner. Den høgaste toppen er 818 meter over havet.
Krafla | |||
vulkan | |||
Krafla i 1984
| |||
Land | Island | ||
---|---|---|---|
Vulkantype | Kaldera | ||
Høgd | 818 moh. | ||
Siste utbrot | 1984 | ||
Koordinatar | 65°44′0″N 16°47′0″W / 65.73333°N 16.78333°W | ||
Krafla 65°44′00″N 16°47′00″W / 65.733333333333°N 16.783333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Krafla (volcanic system) |
Krafla har eitt av dei to mest kjende Víti-kratera på Island, og det andre er ein del av Askja. Det islandske ordet «víti» tyder «helvete». I tidlegare tider trudde folk ofte at Helvete låg under vulkanane. Krateret Víti inneheld ein grønfarga innsjø.
Kraflaområdet inkluderer òg Námafjall, eit geotermisk område med kokande gjørmegryter og dampande fumaroler.
I åra 1724-29 oppstod det ein kalla Mývatnbrannane. Fleire vulkansprekker opna seg og ein kunne sjå lavafontener sjølv heilt sør på øya. Ein lavastraum øydela tre gardar nær grenda Reykjahlíð, men ingen vart skada.
Det siste utbrotet til Krafla fann stad i 1984.
Sidan 1977 har eit kraftverk på 60 MW nytta den geotermiske energien til vulkanen.
-
Vulkanområdet Krafla
-
Lava strøymer ut under eit sprekkutbrot ved Kraftla, nord på Island i 1984
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endreBilete:Námaskarð,Leirhnjúkur
- Vulkanisme Arkivert 2004-03-09 ved Wayback Machine.
- Bilete av mellom anna Krafla og Reykjahlíð Arkivert 2004-07-08 ved Wayback Machine.
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Krafla frå Engelsk Wikipedia .