Ein kraton (gresk kratos / κρἀτος, tyder «styrke») er ein gammal og stabil del av ei kontinentalskorpe som har overlevd samanslåinga og splittinga av kontinent og superkontinent i minst 500 millionar år. Enkelte er over 2 milliardar år gamle. Kratonar finn ein vanlegvis i indre område av kontinent og består typisk av eldgamle krystallinsk grunnfjell av lett felsisk vulkanske bergartar som granitt. Dei har ei tjukk skorpe og djupe røter som strekkjer seg langt ned i mantelen til eit djup på 200 km.

Uttrykket kraton vert nytta for å skilje indre delar av ei kontinentalskorpe frå område som mobile geosynklinale tråg, som er lineære belte av oppsamla sediment utsett for subsidens eller nedtrykking. Dei omfattande sentrale kratonane på kontinenta består både av skjold og plattformer, og krystallinsk grunnfjell. Eit skjold er den delen av kratonen der grunnfjell frå prekambrium vanlegvis strekkjer seg over store område på overflata. I motsetnad ligg platformer av grunnfjell ofte under horisontale eller benka sediment.

Kjelder endre