Kristian Øvrevollseie

Kristian Øvrevollseie (19101973) var ein norsk spelemann frå Hol i Hallingdal.

Kristian Øvrevollseie
Fødd11. mai 1910
Død13. september 1973 (63 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Kristian var fødd i Hovet, aust i Hol, og her budde han det meste av livet. Han tok tidleg ved fela, og i Hol fekk han spel av Herleik Kvanneberg, Lars Holestøl, i Nes Tor Grimsgard og i Ål Eivind Hollebakken og Sevat Sataøen. Han hadde og spel etter godfar sin, spelemannen Ola H. Lein, som var kjend som Leinen.

Kristian Øvrevollseie var ein framifrå dansespelemann i yngre år. Det vart sagt om han at han kunne spela så bord og stolar hoppa og spratt. Spelestilen hans var særeigen, med mykje rulling, og oftast var han nær alle fire strengene med bogen i same venda. Dette skapte ein særeigen dåm det er vondt å ta etter. Fingerbruken hans kunne og vera uvanleg flokete, sjølv til hallingspel å vera.

Kristian hadde ein topp som spelemann i 1950-åra, men stivna noko som han vart eldre, og drog seg attende frå fest- og kappleikslivet dei siste ti åra han levde, men han var framleis rekna som god kjelde og læremeistar. Mellom dei som fekk spel og opplæring av Øvrevollseie er kanskje Odd Bakkerud mest kjend. I yngre år låg spelestilen hans Bakkerud nær opp til Kristian sin. Elles er den mest pålitelege kjelda til spel etter Øvrevollseie i dag truleg spelemannen Per Lilleslett frå Hovet, som kjende han godt og var granne med han.

Kristian Øvrevollseie døydde i 1973, og med han døydde den siste av dei tre store hallingspelemennene i den første halvdelen av 1900-talet.