Kristian Dick

Kristian Kato Elisa Dick (11. januar 186120. april 1908) var ein norsk offiser, skuleleiar og stortingsmann, fødd i Aukra. Han var medlem av Venstre.

Kristian Dick
Fødd 11. januar 1861
Død

20. april 1908 (47 år)

Yrke politikar

Dick var son til ein sokneprest. Sjølv gjekk han krigsskulen 1876-80 og på høgskulen 1882-84. Frå 1880 var han sekondløytnant, tilsett i artilleribrigaden i 1886. I 1889 vart han lærar ved Skiensfjordens mekaniske fagskole, styrar og leiar av skulen frå 1891.

Dick var medlem av bystyret i Skien frå 1898 og av forlikskommisjonen frå 1902. Han var Porsgrunn sin varamann til Stortinget 1900-03, møtte i 1901 frå 15. mars og i 1903 frå 16. mai, begge gongane var han medlem av tollkomiteen. Fast representant frå same krinsen for perioden 1906-09, då han var medlem av militærkomiteen.

Han døydde i 1908 i Kristiania, midt i valbolken.

KjelderEndra