Kristian Elster d.e.

norsk forfattar

Kristian Mandrup Elster (fødd 4. mars 1841 i Overhalla[1], død 11. april 1881), var ein norsk forfattar og forstmann.

Kristian Elster d.e.

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. mars 1841
Homstad i Skage
Død

11. april 1881 (40 år)
Gravlagt i Førde

Yrke litteraturkritikar, forfattar, journalist, forstmann
Born Kristian Elster d.y.

Elster vaks først opp i Overhalla, men i 1853 flytta familien til Førde i Sunnfjord, der far hans var sorenskrivar. 15 år gammal vart han send til Christiania for å gå på skule der. Det var meninga at han skulle bli offiser, men det gjekk ikkje – han var for nærsynt. I 1867 reiste han til Giessen i Tyskland og utdanna seg til forstmann. Frå 1869 budde han i Kristiania og skapte seg eit namn som litteratur- og teaterkritikar i Aftenbladet og Norsk Folkeblad. I 1873 var han nokre månader konstituert forstmann i Valdres og vart så tilsett som forstassistent i Søndre Trondhjems amt, med bustad i Trondheim. Der budde han til han døydde av lungebetennelse 1881 og er begravet i Førde.

Han var son til sorenskrivar Christen Christensen Elster og far til Kristian Elster d.y. Elsters gate i Oslo er oppkalla etter han.

Bibliografi

endre

Bøker

endre
  • 1872 – Om modsætningen mellem det vestlige og østlige Norge : ved tusindaarsfesten til minde om Norges samling som rige (Bergen: Eide) I fulltekst ved nb.no
  • 1898 – Samlede skrifter. 2 : Tora Trondal, En korsgang, En fremmed fugl, Kjell Horge (Kristiania: Gyldendal) I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift - eit utval

endre

Referansar

endre
  1. «Kristian Elster». Norsk biografisk leksikon. 

Bakgrunnsstoff

endre