Kristian Hanssen Vennemo

Kristian Hanssen Vennemo (24. november 181223. mai 1901) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Høland i Akershus.

Kristian Hanssen Vennemo
Fødd24. november 1812
Død30. mai 1901 (88 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Han var son til ein gardbrukar på Kongtorp i Høland. Sjølv var han frå 1839 gardbrukar på Vennemo i same heradet. Vennemo var medlem av heradsstyret 1845-81, derav ordførar i 28 år. Han var forlikskommissær 1846-71 og styreformann i sparebanken frå 1875.

Vennemo representerte Akershus amtStortinget 1868-76. I 1868-69 var han medlem av næringskomite nr 2, sameleis 1871-73, då han i tillegg var medlem av Lagtinget. Bolken 1874-76 var han medlem av Lagtinget og budsjettkomiteen.

Han døydde på slektsgarden i Høland.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914